NRK Meny

Rumenar dømd for svindel

Ein 30 år gamal mann frå Romania er dømd til fengsel i 1 år og 10 månader for omfattande svindel. Mannen er dømd for å ha svindla fleire kortselskap for 450 000 kroner, etter at han og to andre handla varer for 450 000 kroner i butikkar i Ålesund, Bergen, Stavanger og Sandnes hausten 2015. I retten vedgjekk mannen svindelen. To medsamansvorne er tidlegare dømde til fengselsstraffer på to år og to månader.