Hopp til innhold

Ein sendt til sjukehus etter røykutvikling på skule

Det blei oppdaga røykutvikling frå kjellaren ved barneskulen på Vigra i 11.30-tida. Ein person blei skadd og får behandling.

Røytutvikling ved Vigra skule

Ein person som dreiv arbeid i kjellaren på skulen, vart skadd.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Giske brannvesen kom raskt til staden og melde at alle på skulen er evakuerte.

Ifølge 110-sentralen var det svak røykutvikling frå kjellaren. Brannvesenet sende inn røykdykkarar.

Martin Kristiansen er innsatsleiar på staden og seier at ein person vart skadd. Vedkomande er ikkje tilsett ved skulen.

– Han er frakta til sjukehus med moderate skader. Han er utanfor livsfare og vert tatt godt hand om av helsepersonell, seier Kristiansen.

Brannen starta etter ei kortslutning i eit sikringsskap i kjellaren, og blei sløkt etter kort tid. Innsatsleiaren skryt av evakueringa av elevane.

– Både elevar og vaksne kom seg raskt ut og alle rutinane var i orden. Det var ikkje pansik stemning då vi kom hit, seier Kristiansen.

Staden vert stengt av for vidare undersøkingar. Det blir ikkje store praktiske utfordringar, sidan elevane er ferdig med skuledagen.

Røykutvikling ved Vigra barneskule

Alle barn og vaksne som kom raskt ut då brannalarmen gjekk.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL