Hopp til innhold

Rindarøy på landslaget

MFK-spelaren Knut Olav Rindarøy er tatt ut til landslagstroppen i fotball mot Slovakia. Dermed skal fire frå fylket ut på grasmatta.

Lillestrøms Bjørn Helge Riise (tv) i duell med Moldes Knut Olav Rindarøy under eliteseriekampen mell

Fulham-spelaren Bjørn Helge Riise i duell med MFK-spelaren Knut Olav Rindarøy. No blir dei med på landslaget begge to.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

I dag blei det kjent at MFK-spelaren Knut Olav Rindarøy er tatt ut til landslagstroppen i fotball mot Slovakia neste onsdag. Det betyr at Rindarøy får fornya tillit etter debuten med flagget på brystet i kampen mot Sør-Afrika i oktober. Også Rosenborg-spelaren Morten Moldskred frå Ulstein er tatt i troppen.

Frå før er det kjent at brørne Bjørn Helge og John Arne Riise er tatt ut.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL