Hopp til innhold

Rift om gamle Levis-bukser

Siste skrik er frå 90-talet. For 2000 kroner kan ei brukt Levis 501-bukse bli di.

Kine Skuseth (17) og Rachel Borøchstein (17) viser frem sine Levis-bukse 501

KULT MED GAMLE BUKSER: – Vi synest det er gøy å kunne uttrykkje oss gjennom kva vi har på oss og korleis vi ser ut, seier Kine Skuseth (17) og Rachel Borøchstein (17). Dei har begge på gamle Levis 501.

Foto: Remi Sagen / NRK

Brukte Levis-bukser er tilbake i motebildet, og det gjævaste er klassikaren 501, skal vi tru ungdommane i Ålesund.

– Den har ei tidlaus form og får alle til å sjå fine ut, meiner Rachel Borøchstein (17).

– Kult og stas

Kine Skuseth (17) har eit kleskap som dei fleste på hennar alder berre kan drøyme om. Ho har arva 12 Levis-bukser frå mora.

– Eg synest det er veldig kult og stas at eg har så mange bukser som er populære igjen.

Malin Skuseth (47) kjøpte si første Levis-bukse i 1990, og har tatt vare på alle ho kjøpte.

– Då eg gjekk på vidaregåande var Levis på sitt mest populære. Kine er same størrelse som eg var den gongen, så ho glir jo rett inn i alle buskene mine.

Malin Skuseth viser dottera Kine (17) ei av buksene ho likte godt da ho var ung.

Levis minner Malin Skuseth om ungdomstida. No er det dottera Kine som brukar buksene hennar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kjøp og sel gamle bukser

På nettet florerer det av vintage-bukser til sals. Gjenbruksappen Tise melder om ei femdobling i talet på søk etter Levis 501 i august samanlikna med same periode i fjor.

– Det er kult å sjå at mange vel brukt når de skal ha jeans. Spesielt når vi veit at det krev 7500 liter vann å produsere eit par med jeans, seier Sigrun Stenseth i Tise.

Også hos Finn.no ser dei ein markant auke i søka etter klassikaren. På nettstaden varierer prisen frå nokon hundrelappar til 2000 kroner for ei godt brukt bukse frå 90-talet.

Skjermbilde av annonse for brukt Levis-bukse

Seljaren skriv at buksa er kjøpt på ein butikk i Los Angeles som har spesialisert seg på vintage Levis.

Betalte 25 000 dollar for 100 år gamal bukse

Motejournalist Marianne Jemtegård ler når ho blir spurt om 2000 kroner er mykje å betale for ei brukt bukse.

– Tilbod og etterspurnad heng saman. Ein betaler gjerne det dobbelte av original pris for ei perfekt forma vintage-bukse. Om det er verdt det, eller om ein heller bør kjøpe ei ny bukse og rulle litt rundt i grusen med den, det stridast dei lærde om.

Jemtegård fortel at det villaste priseksempelet ho kjenner til, var prisen Levis sjølv betalte for ei brukt bukse.

– For rundt 20 år sidan selde ein gruvearbeidar ei hundre år gamal Levis-bukse til Levis for 25 000 dollar.

Marianne Jemtegård

Marianne Jemtegård er stylist og motejournalist.

Foto: Privat

Ikonstatus

Populariteten til Levis 501 går i bølgjer, og ifølgje Jemtegård finst det knapt noko større ikonisk plagg enn Levis 501.

– Litt av magien til 501 er at den er ein heilt standard jeans. Den er ikkje for smal, ikkje for vid, ikkje for høg i livet, og ikkje for låg i livet. Det gjer den til den mest populære jeansen, brukt av presidentar, Hollywood-skodespelarar, bønder og moteikon. 501 forsvinn ikkje med det første.

Vil ha lause klede

På Carlings på kjøpesenteret Amfi Moa merker butikksjefen ei auka interesse for Levis 501, men mange av dei eldre kundane seier at dei føretrekkjer dei gamle buksene. Dei er litt annleis i stoff og passform.

– Den største forskjellen er på damemodellen. Den nye er meir innsvinga i livet for at den skal sitte godt på hoftene. I tillegg er det stretch i fleire av dei. Herrebuksa er omtrent lik slik den alltid har vore, forklarar Maj-Christin Sjøholt.

Sjølv har ho rundt 70 par jeans, men favoritten er ikkje 501. Ho trur at pandemien kan ha vore med på å gjere modellen så populær igjen.

– Folk blei vande med å sitte heime i joggebukse, og mange vil at kleda framleis skal vere komfortable. Desse gamle vintage-buksene har ei laus passform, seier ho.

Føretrekkjer gamle busker

I Ålesund er venninnene Kine Skuseth og Rachel Borøchstein samde om at det er heilt spesielt å ha gamle Levis-bukser. Buksene til Kine er ikkje til sals.

– Er det noko forskjell på å kjøpe ein 501 i butikken i dag og ha på seg ein gammal 501?

– Det vil eg seie. Nye bukser er helt stive. Desse brukte buksene har meir historie og er spesielle for meg sidan eg har arva dei frå mora mi, seier Kine.

Levis-bukse 501

Kine sin bunke med brukte Levis-bukser er verd mykje pengar på bruktmarknaden.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL