NRK Meny

Rettssak om Rauma helsehus

I dag starta rettssaka mellom Veidekke og Rauma kommune. Veidekke meiner at kommunen gjorde ein feil då dei kåra entreprenøren Hent AS som vinnaren av anbodskonkurransen for å bygge det nye Helsehuset i Rauma. Dei saksøker difor kommunen for inntil 25,7 millionar kroner. Det er sett av fire dagar til saka i Romsdal tingrett.

Rauma helsehus
Foto: Nordic — Office of Ar chitecture