Hopp til innhold

Restane frå Veslemannen kan råke jernbane og beitemark

Geologane har gått ut med ny rapport om det store raset frå fjellpartiet Veslemannen 5. september. 54.400 kubikkmeter med stein har falle ut, men framleis ligg det lausmassar i fjellsida som kan gå ut.

Skred fra Veslemannen

Dronebilde frå skredrenna som kjem frå Veslemannen. Ein ser tydeleg at det er ein del finmassar i renna øvst, men at det ligg grovare materiale og store steinblokkar i yttersvingane. Det ligg også ein propp av store steinblokkar i nedre del, ifølge NVE.

Foto: NVE

Nye analysar frå Noregs Vassdrags og Energidirektorat viser at 54.400 kubikkmeter stein raste frå Veslemannen den 5. september. Det kjem fram i ein ny rapport.

Før dette har 15.000 kubikkmeter rast ut frå partiet sidan 2014. Analysane viser også at områda som har hatt størst rørsle har flytta seg nærare 20 meter sidan målingane starta.

I 2015 estimerte NVE at det ustabile fjellpartiet kunne ha eit volum på mellom 120.000 og 180.000 kubikkmeter, men det endelege skredet blei altså langt mindre.

Lars Harald Blikra

Seksjonssjef i NVE, Lars Harald Blikra.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Skredet har gått ut i ganske tørt ver. Det har gått ut som store steinblokkar som har avgrensa rekkevidd. I tillegg har mykje av massane stoppa opp litt oppe i fjellsida, seier seksjonssjef i NVE, Lars Harald Blikra.

Kan kome lausskred ved kraftig regn

Det er derimot ein del lausmassar frå skredet som framleis ligg igjen i renna. Desse massane kan gå ut ved sterk nedbør.

Her er proppa med store steinblokker

Her er den eine proppa med store steinblokker som ikkje har rasa heilt ned.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

NVE meiner at eit slikt lausmasseskred ikkje vil nå husa, men kan ramme marka der sauene beiter.

– Det kan vere ein trugsel. Det var ei liknande hending i 2007 då det gjekk utover beitemark, seier Blikra.

Bøndene var klar over problematikken før NVE ringde dei, og hadde det i tankane å flytte sauer bort frå dei verste områda.

– Vi har hatt ein dialog med dei som driv garden så dei kan flytte sauene viss det kjem mykje nedbør. Iallfall no såpass kort tid etter at skredet gjekk, seier Blikra.

Scenario

Kart som viser rørslene dei siste to dagane før skredet, NVE sitt reviderte scenario og området som til slutt raste ut. Viser at fjellpartiet som raste ut (raud linje) passar godt med det reviderte scenarioet. (gul linje).

Foto: NVE

Kan nå ned mot toglinja

Eit slikt skred kan også nå ned mot Raumabanen, og BaneNOR har blitt beden om å følgje godt med ved nedbør.

Kan det betyr trøbbel for Raumabanen i framtida?

Bilder fra rasområdet ved Veslemannen 13.09.2019

Dette bildet frå fredag viser at det stadig går ras frå området.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Nei det trur eg ikkje. Det er ikkje noko anna enn før, for det har hatt eit potensial før også. Det er ei lita sikring der, men det kjem an på kor stort skredet er, seier Blikra.

Han held fram med at det ikkje vil vere mogleg for dei å spesifikt varsle eit slikt lausmasseskred, men at det vil bli handtert på same måte som vanlege varsel.

– Kor mykje nedbør skal til?

– Vi er ikkje heilt sikre, det har vi ikkje fått analysert skikkeleg. Det er litt vanskeleg å finne ut når massen ligg spreidd utover den bratte fjellsida, seier Blikra.

Veslemannen

Skredvifta ved utløpet av renna frå Veslemannen-området. Viser at det har kome mykje massar ned.

Foto: NVE

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL