Hopp til innhold

– Dette kicket triggar vinnarlysta mi

Cupfesten har for alvor starta. Dei oransjekledde har innteke Rådhusplassen og Rekdal har laget klart.

Kjetil Rekdal

HAR LAGET KLART: Aalesund-trenar Kjetil Rekdal har bestemt seg for cupfinalelaget.

Foto: Terje Reite / NRK
Cupsending 2011

PÅ PLASS: Rune Hustad og Arne Flatin i NRK Møre og Romsdal sendte direkte frå Rådhusplassen laurdag ettermiddag.

Foto: Terje Reite / NRK
Øyvind Vebenstad

AUDMJUK: Festsjef Øyvind Vebenstad er audmjuk over å få halde fest på Rådhusplassen i Oslo.

Foto: Terje Reite / NRK
Cupfest i Oslo 2011

FOLKEHAV: Mellom 10 og 15 000 supporterar var med på cupfesten laurdag.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK
Fabian Stang

MATCHANDE SLIPS: Oslo-ordførar Fabian Stang tok turen til Rådhusplassen, med eit oransje slips.

Foto: Terje Reite / NRK

Kjetil Rekdal tok turen nedom folkefesten i ettermiddag, og seier dei ikkje kan skuffa ein slik gjeng. Aalesund-trenaren var mellom anna ein tur på scenen framfor det oransje havet.

– Det gir eit kick det og lysta til å vinne vert endå større, seier Rekdal.

Saman med spelarane skal han òg ta turen innom i kveld på festen, men søvn vert aller viktigast før gullkampen på sundag.

– Det viktigaste for oss er at me har krefter til kampen og ikkje til vorspielet.

Har laget klart

Det har vore spekulert i kva grep taktikaren Rekdal kjem til å gjere før cupfinalen. Det vil han ikkje røpe, men seier han har bestemt seg for kven som skal spele frå start.

– Laget er klart og me er klare til kamp, seier Rekdal.

– Har spelarane fått vite det?

– Det vil eg ikkje seie, for då vert det så mykje mas. Men me har laget klart. Det som betyr noko for oss er at me stikk heim med pokalen, det er det einaste som betyr noko.

– Du har ikkje tapt ein cupfinale og har ikkje tenkt å gjere det no heller?

– Nei, det er klart gode vanar vil eg behalde.

Mange ser for seg ein tett kamp mellom Brann og AaFK i morgon, men Rekdal vil gjerne drepe kampen.

– Viss høvet er der ja. Men det er ikkje sikkert me får den, så det kan hende me må slåst for livet i 120 minutt og kanskje til og med straffekonk. Men får ta det som det blir, seier Rekdal.

– Brann skal vere jævla gode for å slå oss.

Spent festsjef

Øyvind Vebenstad er arrangementsansvarleg i Aalesund Fotballklubb var spent før festen starta i hovudstaden.

– Eg trur eg har meir enn kvilepuls, men det er slik det skal vere med cuphelg i Oslo, seier Vebenstad.

Video Den oransje timen på "Lille Sunnmøre"

Terje Sporsem leia den oransje timen på 'Lille Sunnmøre'

På Rådhusplassen er det litt grått i vêret og nokre dråpar i lufta, men oransjekledde har byrja å farge plassen.

– Me er audmjuke for at me får lov til å vere her, seier Vebenstad.

–Korleis har du opplevd sunnmøringane så langt?

– Eg har snakka med politiet og det har ikkje vore noko bråk, og det er bra. Det er slik me vil at det skal vere.

LES ÒG:

Den oransje timen

Mellom 10 000 og 15 000 oransjekledde tok turen til Rådhusplassen i duskregnet for å skru opp stemninga med supporter- og cupsangar.

Oslo-ordførar Fabian Stang opna offisielt «Lille Sunnmøre» i dag, og var for høvet iført eit oransje slips. Men Stang seier at det ikkje var eit bevisst val. Etter opninga var han imponert over oppmøtet til dei festglade sunnmøringane.

– Det var ein fantastisk gjeng, seier Stang.

I 2009 var AaFK-supporterane i Spikersuppa. Der held Brann-supporterane til i dag. Stang seier det ikkje var vanskeleg å seie ja til festen på Rådhusplassen.

– Det var rett og slett fordi folk oppførte seg sist dei var her, og då var det ikkje vanskeleg å seie ja, seier Stang.

– Kva betyr dette for byen?

– Det ei ære å få vere vertskap. Og det betyr mykje at folk vert glad i byen og dei skal føle seg velkomne her frå første stund.

– Toppar 2009

Terje Sporsheim skal leie cupshowet på Rådhusplassen i dag og er oppglødd over folkehavet.

– I 2009 tenkte eg at dette var heilt fantastisk, og no er me her igjen. Det kjem til å toppe det!

Sporsheim fortel at han har sett folk oransjekledd i byen i fleire veker.

– Du er sikker på siger?

– Det er klart eg er det. Me har spelarar som levere minst like bra som supporterane her, så det vert bra.

SLIK FØLGJER DU CUPFINALEN:

Med hjarte i Aalesund

Styreleiar i AaFK Kjell Tennfjord har tidlegare leia Brann til cupfinale tre gonger og innrømmer at det vert ein spesiell kamp på sundag. Men at hjarta no ligg i Ålesund.

– Eg trur Aalesund er gode nok til å vinne i morgon, viss dei ikkje er uheldige, seier Tennfjord.

– Viss nokon hadde sagt til deg i 1995, då du trente Brann, at Aalesund så mange år etter skulle bli eit topplag og spele cupfinalen, det hadde du kanskje ikkje trudd?

– Nei, det er rett. Det viser berre den jobben som er gjort dei siste ti-tolv åra. Dei har gått frå å vere litt opp og ned, til å etablera seg på eit godt nivå. Og ein cupfinale med to års mellomrom er det ikkje så mange som kan vise til, seier Tennfjord.