Hopp til innhold

Fleire meldingar om jordskjelv på vestlandskysten

Fleire stadar på Vestlandet er det meldt om eit jordskjelv onsdag ettermiddag. Nær 200 kilometer unna har folk kjend det riste i huset.

Tømrar Joakim Totland Hauge merka godt jordskjelvet under lunsjen i anleggsbrakka.

Tømrar Joakim Totland Hauge merka godt jordskjelvet under lunsjen i anleggsbrakka.

Fleire NRK-tipsarar melder om eit jordskjelv på kysten av vestlandet onsdag ettermiddag.

– Vi har fått inn veldig mange varsel, seier vakthavande seismolog hjå Norsar Annie Jerkins.

Norsar skal forske meir på skjelvet, men Jerkins seier det er estimert til å vere på 3,9. Senteret ligg kring 60 kilometer vest for Florø i Vestland.

– Globalt er ikkje dette så stort, men i Noreg er dette av dei litt større jordskjelva vil eg seie.

Skjelvet skal ha skjedd kring 50 kilometer vest for Florø.

Ifølgje EMSC, ein internasjonal organisasjon som samlar inn opplysningar om registreringar av jordskjelv rundt om i verda, er det registrert eit skjelv i Sør-Noreg med ein styrke på 3,3.

Dei fleste som har tipsa NRK er frå nord i gamle Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.

Det er likevel folk som har kjend det so langt sør som Askøy i Bergen og Måndalen i Rauma.

I følge Annie Jerkins Norsar er det på Vestlandet og Nordland at det blir registrert flest jordskjelv.

– I området kring 200 kilometer frå der jordskjelvet har vore i dag, så har det vore kring 15 jordskjelv på styrke 3,5 dei siste 20 åra. Så det er ikkje heilt uvanleg med jordskjelv i dette området.

NRK-tipsarar heilt sør på Askøy og nord i Måndalen, nær 200 kilometer unna episenteret, har merka skjelvet.

– Naturkreftene viser seg

Hilde-Bjørg Almklov Hermansen bur i Sundal i Vanylven, heilt sør på Sunnmøre. Ho og mannen kjende skjelvet godt i heile huset.

– Klokka var 12.03 og då kjende eg ei djup during og forstod at det var noko anna enn det vi vanlegvis opplever frå industri i nærleiken, seier Hermansen.

– Eg likar eigentleg aldri når naturkreftene viser seg. Vi har hatt stygge opplevingar med orkan og mista løa vår. So du har eigentleg ingenting å stille opp med, ein må berre håpe at det går over utan at det skjer skade, seier ho.

Jordskjelvet kjendest godt i Sundal i Vanylven.

Jordskjelvet kjendest godt i Sundal i Vanylven.

Foto: Hilde-Bjørg Almklov Hermansen

I Kalvåg i Bremanger var Ane Jørgine Frøyen på fysioterapiklinikken då ho merka ei veldig buldring og risting. Ho mistenkte først at det var noko gale med hennar utstyr.

Heile rommet rista veldig. Eg skrudde av alt som var av utstyr og sprang ut. Då var det tydeleg at det buldra ute også, seier ho.

Ane Jørgine Frøyen

Ane Jørgine Frøyen merka skjelvet godt inne på klinikken.

Foto: Privat

Ho fortel at ristinga varte i over ti sekund. Dette er første gang ho opplever jordskjelv.

Eg tykte ikkje det var noko hyggeleg, seier Frøyen.

NORSAR si måling av skjelvet utanfor Florø 21.11.23.

NORSAR si måling syner at skjelvet var målbart ved fleire stasjonar.

Foto: NORSAR

Ein annan stad i Bremanger, under lunsjpausen i anleggsbrakka, kjende også tømrar Joakim Totland Hauge at det dura i bakken.

Eg høyrde først eit dunk, og så byrja det å buldre. Brakka står på hjul, so det vart litt rørsle i den, seier han og fortel han ikkje vart særskilt redd.

Det har vore nokre jordskjelv i det siste, so eg visste kva det var.

Det er berre månadar sidan eit nesten like stort skjelv råka utanfor kysten av Nordmøre:

jordskjelv Ålesund

Jordskjelv utenfor Vestlandet: – Jeg kjente at det buldret godt i huset