Hopp til innhold

Refstie har betalt tilbake

Ståle Refstie, ordførar i Sunndal, har betalt tilbake pengar han har fått i godtgjersle for det såkalla SuSu-prosjektet i perioden 2014–2016. Totalt skal det vere snakk om 52.000 kroner brutto. Det var Erling Rød som tok saka opp i kontrollutvalet nyleg og meinte at ein burde vurdere å melde saka til politiet. Refstie har no altså betalt tilbake pengane han fekk. Kontrollutvalet har bestilt ei utgreiing frå sekretariatet, som skal leggast fram som sak i kontrollutvalet sitt møte 17. oktober. Det skriv avisa Driva (krev innlogging).

Ordfører Ståle Refsti
Foto: Gunnar sandvik / nrk

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL