Hopp til innhold

Redde for istappane

Det er venta plussgrader i løpet av eit par dagar, og folk på gata i Ålesund tykkjer det er skummelt med alle istappane som heng over fortaua.

Fjernar istappar

Dei står mange meter oppi lufta for å sikre at Ålesunds innbyggjarar skal kunne gå trygt på gata. Men det er huseigar sitt ansvar at istappane vert fjerna.

Foto: Synnøve Hole

Høyr saka under:

For det kan vere ei livsfarleg affære å leggje ut på tur på fortaua nedafor nedisa hustak. På Frogner i Oslo blei ein mann lam og hjerneskadd etter å ha blitt treft av ein istapp i mars i fjor. Berre i januar og februar i fjor blei det skrive ut 1300 bøter på grunn av mangelfull takrydding i hovudstaden.

Alexander Østeraat og Thomas Breivik

Alexander Østeraat og Thomas Breivik tykkjer det er bra at huseigarar tek ansvar og fjernar istappar. Dei vil sleppe å uroe seg for å få is i hovudet når dei går på gata.

Foto: Synnøve Hole

Ikkje ei einaste bot

Politiet i Møre og Romsdal kunne også skrive ut bøter, men har så langt dei klarer å finne ut aldri skrive ut ei slik bot. Ifølgje politivedtektene både for Ålesund, Molde og Kristiansund er huseigarar pliktige til å fjerne farlege istappar så snart som råd, men mange gjer ikkje som dei skal.

– På ein måte kan ein seie at vi burde ha bøtlagt fleire, men målet er å hindre at ulukker skal skje. Det gjer vi ved å gi dei pålegg om å ta ned istappane. Når dei gjer det så ser eg ingen grunn til å bøtlegge dei, seier leiaren for ordensseksjonen ved Sunnmøre politidistrikt, Norleif Jønland til NRK.

Norleif Jønland

Norleif Jønland meiner det viktigaste er å hindre ulukker, og at ikkje fokuset bør vere på kor mange bøter som er gitt.

Foto: Synnøve Hole

– Det er framleis mange huseigarar som ikkje har fjerna istappane. Tør de å la vere å gjere noko med det?

– Det har eg ingen kommentar til, seier Jønland.

– Om dei dett ned, så gjer desse istappane sjølvsagt stor skade. Både på person og på bilar. Det er veldig skummelt og derfor viktig at huseigarane tek ansvar og fjernar dei, seier Jønland.

Er redd for at folk skal kommentere

Det er fotobutikk i første etasje i Sponland-huset i Løvenvoldgata 2. Huseigaren, Jan Sponland, står tilfeldigvis i butikken når NRK kjem inn, men han vil ikkje snakke i radioen. Men det vil Thomas Hånde, som står bak disken.

– Eg tenkjer på det kvar gong nokon kjem inn døra, om dei kommenterer istappane eller ikkje. For det er ganske gale. Eg har likevel ikkje høyrt nokon seie noko om det i dag, seier han.

Han som eig huset seier han har forsøkt eit par dagar, utan å få kontakt med eit firma som kan ta på seg jobben. Tjukke istappar heng fleire meter over fortauet der mange går. Sponland seier han har har hatt problem med å finne nokon til å gjere jobben fleire år på rad.

Istappar

Lange, både tynne og tjukke, heng dei høgt under taket. Ein veit aldri når dei løsnar og dett i bakken. Det er best å passe på så ein ikkje får dei i hovudet.

Foto: Synnøve Hole

Knuser is heile dagane

Og dei som tek ned istappar profesjonelt har travle dagar. I Ålesund er det to firma som tek på seg oppdrag både for kommunen, firma og privatfolk, og dei brukar øks. Ståle Svinø i Vinduspusseren seier det er nok å gjere.

– Det er fullt opp heile tida. Dei masar og masar, men vi klarer ikkje meir enn vi klarer.

Ståle Svinø

Ståle Svinø i firmaet Vinduspusseren har nok å gjere om dagane. No gjeld det å få fjerna så mange istappar som muleg før mildveret kjem.

Foto: Synnøve Hole

– Har du inntrykk av at huseigarane tek dette problemet seriøst?

– Ein del av dei gjer det, men det er enkelte som ikkje bryr seg også. Det er ikkje noko særleg å få så mykje is i hovudet om det først skulle verte mildt og det rasar frå tak og istappane løsnar, seier han.

Og medan ein ventar på at plussgradene skal slå inn, vaktar mange seg vel når dei går under islagte hustak.