Hopp til innhold

Rapsolje hamna i sjøen

Eit par tusen liter med rapsolje hamna i sjøen i Averøy i kveld. Oljen er no samla opp, og lekkasjen er stengt.

Averøya

Det var klokka 18.15 at 110-sentralen fekk melding om oljelekkasjen ved ein fiskeforfabrikk på Averøya. Rapsoljen hamna i sjøen og det skal vere snakk om ca 2000 liter.

– Vi er ikkje heilt sikre på mengden på grunn av mørket, seier Kjartan Molvær ved 110-sentralen. Averøy brannvesen rykte ut, men det var ein spesialbil som pumpa opp oljen.

Molvær seier at det ikkje er noko dramatisk oljeutslepp.

– Det er stille sjø, så oljen vart greit samla opp. Det er ikkje fare for gjentaking.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL