Hopp til innhold

Skiløparen sto på fast grunn

35-åringen som omkom under ein fjelltur i Sunnmørsalpane i forrige veke sto på fast grunn då skavlen løsna.

NGI-rapport fall fra Ystevasshornet

Den raude pila viser fall og funnstad.

Foto: Faksimile frå NGI-rapport

Leiteaksjon

Mange var i sving for å leite etter 35-åringen i Sykkylven.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Ytstevasshornet 08.04.2011

Skredfaren på ulykkesdagen var sett til 3, markert skredfare.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
På vei tilbake fra leiteaksjon

Dårleg ver gjorde leitinga vanskeleg.

Foto: Frieda Wiik

Det viser rapporten som NGI (Norges Geotekniske Institutt) har publisert:

Gjekk på beina

Mannen var på skitur på Ytstevasshorn i Sykkylven saman med to kompisar då fallulykka skjedde.

Ifølgje rapporten gjekk dei tre på beina dei siste 50 metera til toppen, ulykka skjedde då dei skulle gå tilbake til skia.

«På vei tilbake til skiene brakk skavlen under bena på sistemann, og mannen falt utfor et ca. 300 m høyt stup.» , står det i rapporten.

Grov snøprofil

Dei tre var erfarne fjellfolk. Dei hadde også kunnskap om snøskred og grov snøprofil for å sjekke skredfaren. På toppen gjekk dei i god avstand til kanten av skavlen. Truleg 7-10 meter frå kanten då skavlen løsna.

Likevel gjekk det gale.

«Skavlen brakk noe på skrått bakover mot mannen, og dermed var han ikke trygg selv om han gikk på fast grunn.»

Det er ikkje første gang det skjer ulykker på dette fjellet. Ein mann overlevde utruleg nok eit fall frå same stad i 2007:

Åtvarar mot skavlar

I rapporten åtvarar NGI mot skavlar. I gjennomsnitt døyr ein person kvart år i Noreg i slike ulykker.

«Det er meget vanskelig å vite hvor langt ut skavler går, og hvor stabile de er. Skavler kan brekke av «bakover» slik at man blir revet med selv på tilsynelatende trygg grunn. Vis alltid stor forsiktighet i nærheten av skavler, og hold god avstand.»

Luftambulansen var på ulykkesstaden alt 11 minutt etter at ulykka skjedde. Dette er truleg den raskaste reaksjonstida nokon gong.

Dei måtte gi opp leitinga på grunn av dårleg ver, skredfare og mørkre. 35-åringen vart funnen omkomen halvanna døgn seinare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL