Hopp til innhold

Rådmannen i Stranda går av

Stranda kommune og Ole-Johan Lillestøl har kome til semje om at Lillestøl fråtrer stillinga som rådmann 1. november.

Det er klart etter eit møte mellom partane. Det er vidare semje om at vilkåra for avskjeden skal haldast hemmeleg, skriv Sunnmøringen.

Kommunen sin advokat, Reidar Andersen, vil ikkje kommentere forholdet utover dette.

Tidleg i oktober sende ordførar Frank Sve ein e-post til rådmann Ole-Johan Lillestøl om at han ikkje lenger hadde tillit og ga han valet mellom å seie opp stillinga sjølv eller at ordføraren ville fremme oppseiingssak for kommunestyret.

Etter dette har Lillestøl vore sjukmeldt.

Advokaten til Lillestøl, Vidar Raugland, har heile tida hevda at det var ein usakleg oppseiingsprosess og at saka kunne ende i arbeidsretten.

Det er ikkje kjent kor mykje Stranda kommune måtte betale for avtalen om å frivillig gå frå stillinga.