Hopp til innhold

Psykolog «foreslo» halshogging og henging av psykisk sjuke

Pasienten fekk seg ein støkk då ho las kva psykologen hadde skrive. For han som sjølv behandlar psykisk sjuke, «foreslo» henging og halshogging av «håplause tilfelle».

Skjermdump

Psykologen fekk inga formell åtvaring etter dette innlegget. Men då han blei kalla inn til sjefen, skal han ha sletta det omgåande. I ettertid seier han til NRK at fleire av pasientane hans har sett innlegget, utan å reagere.

Foto: Ivar Eidheim

Det var ein av pasientane hans som reagerte då ho kom over innlegget på psykologen si Facebook-side. Her hadde han lagt ut bilde av gamle tvangstrøyer som skal ha blitt brukt i behandlinga av psykisk sjuke. I innlegget «foreslo» han henging og halshogging av «de uten håp». Han ba også om alternativ til behandling, og «forslo» også sjølv å «dope dem ned?»

Skjermdump frå Facebook

Psykologen seier til NRK at han ønskte å få til ein diskusjon om psykiatriens historie, men at det spora av. Han beklagar innlegget, og seier han definitivt har lært av prosessen.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / Silje Steinnes Bjerknes

Dette skjedde samstundes som mannen arbeidde på ei avdeling for dei aller sjukaste psykisk sjuke i Helse Møre og Romsdal.

– Eg ønskte å få til ein vitenskapshistorisk diskusjon om psykiatriens historie. Det spora dessverre av, seier psykologen til NRK.

Han seier han forstår at folk reagerer på innlegget. Han vedgår også at Facebook ikkje er rette forumet for slike diskusjonar. Innlegget blei lagt ut i 2014 etter eit besøk på museet ved Gaustad sjukehus.

Omtalte psykiatriske pasientar som «gærninger»

NRK har fått tilgang på skjermdumpar av innlegget.

Her er bilde av tvangstrøyer og instrument som skal ha blitt brukt for 100 år sidan. Over bildet har han skrive «Her ser vi ma borren som ble brukt til å få høl i huet på gærningene når de skulle lobotmeres». Det viser også eit svartkvitt nærbilde av ansiktet til ein mann som skal ha blitt lobotomert.

Fylkeslege i Møre og Romsdal, Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen meiner tillit mellom helsepersonell og pasientar er eit nøkkelord.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Tilliten er eit viktig grunnlag for å ha ein god relasjon til pasientar. Når helsepersonell opptrer slik, sjølv om det er på fritida, set det tilliten i fare, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen i Møre og Romsdal.

Kommunikasjonssjef Karsten Brekne Karlsøen i Norsk Psykologforening karakteriserer innlegget som alvorleg og svært uvanleg.

– Vi tilbyr enkelte kurs i nettvett, men ikkje systematisk for alle medlemmer. Dette handler også om folkeskikk. Vedkomande burde vite betre, seier han.

Karsten Brekne Karlsøen

Kommunikasjonssjef Karsten Brekne Karlsøen i Norsk Psykologforening seier dei tilbyr enkelte kurs i nettvett, men ikkje systematisk for alle medlemmer.

Foto: Norsk Psykologforening

Konkluderer med at det ikkje var ulovleg

Statens helsetilsyn har vurdert saka. Dei meiner fleire av ytringane er støytande og svekkjer tilliten til psykologen og hans yrkesgruppe.

Han får kritikk, men helsetilsynet er likevel komne til at forholda ikkje er så alvorlege at dei gir ei formell åtvaring. Seniorrådgjevar Mariann Aronsen viser mellom anna til at han sletta og beklaga innlegget og at det var ei enkelthending.

Ho avviser at helsetilsynet er for liberale.

– Det er ikkje fritt fram. I avgjerda vår gav vi helsepersonellet kritikk. Vi peika også på at ved bruk av sosiale medier må helsepersonell vere bevisst på at vedkomande kan bli oppfatta som representant for arbeidsplassen sin, helsepersonell generelt og si eiga yrkesgruppe, skriv Aronsen i ein e-post.

Sletta innlegg og søkte ny jobb

Psykologen skal ha blitt innkalt til sjefen umiddelbart då han blei klar over klagen frå ein av pasientane. Dette skal ha ført til at innlegget blei sletta umiddelbart. Psykologen seier til NRK at fleire av pasientane hans har lest innlegget, utan å reagere.

Mannen er ikkje lenger tilsett i Helse Møre og Romsdal, men er registrert som psykolog lenger nord i landet. Han seier til NRK at han arbeider som psykolog framleis, både i privat regi og for det offentlege.