35 vindturbinar kan bli bygt seks kilometer frå land på Harøya. Utbyggaren fekk konsesjon for 12 år sidan og har no bedt om utsett byggefrist. Fleire har klaga og meiner at vindkraftanlegget Havsul 1 får konsekvensar for både fugl og fisk.
NVE avviser alle klagene.
Forstyrrar fisken
Odd Kristian Dahle i Fiskebåt er skuffa over at NVE avviste klagene.
Foto: NRKInteresseorganisasjonen Fiskebåt er skuffa, men ikkje overraska.
– Området er svært viktig både for oppvekst og gyting av fleire fiskeartar. Det er svært risikofylt å etablere noko nytt i området, all den tid vi har så lite kunnskap om konsekvensane, seier informasjonsleiar Odd Kristian Dahle.
Dei fryktar støy, vibrasjonar og oppvirvling av sediment, som forstyrrar den gytande fisken. Dahle håper at Olje- og energidepartementet kjem til ein annan konklusjon når dei no skal behandle klagesaka.
Provosert over NVE
Alv Ottar Folkestad i Norsk Ornitologisk Forening er kritisk til vindkraftplanane.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKOgså Norsk Ornitologisk Forening er uroa for konsekvensane. Fugleforskar Alv Ottar Folkestad er provosert over NVE som gir byggeløyve midt i matfatet til sjøfuglane.
– Dei overprøver alle andre fagstyresmakter. Dei overser at anlegget er plassert i det viktigaste økosystemet i landet, seier Folkestad.
Området er sentralt for sild, sei, torsk og hyse. Folkestad fryktar at vindkraftanlegget kan få enorme ringverknader for livet i havet og for sjøfuglen som er ein del av det marine økosystemet.
Må gjere nye undersøkingar
Rune Flatby er konsesjonsdirektør i NVE.
Foto: Hilde Totland Harket / NVENVE kan ikkje sjå at det har kome nye opplysningar frå klagene som gir grunnlag for å endre vedtaket om å gi utsett byggefrist.
– Vi har lagt vekt på at kommunen var positive til å gi utsetting. Vi har også pålagt utbyggar ein del undersøkingar før prosjektet kan bli realisert, seier Rune Flatby. Han er direktør for konsesjon i NVE.
Det er det canadiske selskapet Enbridge som skal bygge ut vindkraftanlegget, og dei må blant anna kartlegge sjøfugl i området før dei får bygge. Dei skal også merke fuglar for å finne ut om ei utbygging kan påverke hekkebestandar på Runde.
Flatby avviser at NVE overprøver andre fagstyresmakter, slik fugleforskar Folkestad hevdar.
– Det er gitt konsesjon etter klagebehandling i Olje- og energidepartementet. Det vi har gjort no er berre å utsette fristen, seier Flatby.