Seier ja til vindkraftverk i nærleiken av omstridde Haramsøya

Lokalpolitikarane gir tommel opp for å bygge 35 vindturbinar på mørekysten. Fugleforskar kallar det galskap og seier at politikarane er blenda av pengane.

Illustrasjon av Havsul 1

Seks kilometer frå Harøya kan det komme 35 vindturbinar. I starten var det planlagt mange fleire og mindre vindturbinar, slik som på denne illustrasjonen.

Foto: Vestavind offshore

På Haramsøya i Ålesund kommune er det folkeopprør mot åtte vindturbinar på fjellet og lokalpolitikarane prøver å stanse utbygginga. Men ikkje langt unna er det planlagt 35 vindturbinar i havet og dette seier fleirtalet derimot ja til.

Fugleforskar Alv Ottar Folkestad seier at politikarane har blitt blenda av pengane.

– Dei økonomiske motiva bak er openberre, seier Folkestad.

Han er svært kritisk til å plassere vindturbinar midt i det han omtalar som matfatet til sjøfuglane.

Alv Ottar Folkestad på Runde

Alv Ottar Folkestad meiner det er vanvitig å bygge ut ein vindkraftanlegg i eit område som er så viktig for sjøfuglen på Runde.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Han meiner Haramsfjellet er viktig for sjøfugl, men dimensjonane er mykje større på vindprosjektet til havs.

– Det er ikkje eit havvindprosjekt, men eit «opp-i-fjøresteinane-prosjekt». Det er i eit av dei rikaste kystområda i Noreg når dei gjeld liv i havet, seier han.

Området er gyte- og oppvekstområde for norsk vårgytande sild. Sjøfuglane frå Runde brukar det same området for å finne mat.

Eva Vinje Aurdal på folkemøte på Haramsøya

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) prøver å stanse utbygginga på Haramsøya, men er for utbygging av vindkraftverket til havs.

Foto: Frode Berg / NRK

Her kan landets største vindkraftverk til havs komme

Gir arbeidsplassar

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) avviser at fleirtalsvedtaket baserer seg på det økonomiske, men at det heller er eit ynskje om å lytte til folkeviljen og den lange prosessen som har vore tidlegare.

– Det ville vere dramatisk om vi skulle snu i 12. time og sende oppmoding om å stanse det, seier Aurdal. Ho meiner Havsul er vidt forskjellig frå Haramsøya og at det er mykje meir å vinne på havvind, med rein energi som skal gå til gassanlegget i Aukra.

Havsul 1 fekk konsesjon allereie i 2008. No har NVE gitt prosjektet utvida frist i fem nye år for å sette i gang bygginga. Gamle Sandøy kommune var positive til utbygginga. Dei blei lova både økonomisk kompensasjon og om lag 30 nye arbeidsplassar. No har kommunen blitt ein del av storkommunen Ålesund og 77 politikarar har sagt si meining.

Fryktar nytt opprør

Jarle Hauge Steffensen bystyrerep MDG

Jarle Hauge Steffensen (MDG) meiner kommunestyret burde ha sagt nei til å gi forlenga byggefrist for havvindprosjektet.

Foto: Frode Berg / NRK

Jarle Hauge Steffensen i Miljøpartiet de Grønne er skuffa over vedtaket. Han meiner Havsul kan ende opp med same opprør som på Haramsøya, når folk oppdagar kor stort prosjektet er og kva konsekvensane blir for naturen.

– Når kommunen no har sagt ja skal det mykje til for å stoppe utbygginga, seier Steffensen.

Stortingspolitikar Sylvi Listhaug (Frp) er skeptisk til Havsul-prosjektet. Ho meiner vindturbinane ikkje berre er skjemmande, men at prosjektet kan kome i konflikt med fiskeriinteresser.

– Det er ikkje slik at vi treng denne krafta. Vi kan satse på vasskraft og å få meir potensial ut av det, seier Listhaug.

Sylvi Listhaug i Midsund

Sylvi Listhaug (Frp) er kritisk til Havsul 1.

Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK

– Berekraftig prosjekt

Det er det canadiske selskapet Enbridge som skal bygge ut vindkraftanlegget. Dei seier i ein kommentar til NRK at dei ser på havvind som svært berekraftig, og at det gir eit lite lokalt miljøavtrykk.

– Styresmaktene har gitt oss vilkåra for tillatingane og desse vil vi overhalde, seier kommunikasjonsansvarleg, Mandy Dinning.

NVE har pålagt utbyggar å gjere nye undersøkingar, der ein blant anna kartlegg fuglane med radar. På den måten ser ein kor viktig området er for å skaffe seg næring.

Ornitolog Alv Ottar Folkestad trur ikkje Havsul kjem til å bli noko av.

– Det er altfor mykje brennstoff og konfliktar i saka. Og når alt det kjem på bordet, innser både den eine og den andre at dette ikkje går, seier Folkestad.

Havsul 1

Vindkraftverket får ein total effekt på 1 TWh. Turbinane kan bli opp til 205 meter høge.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto