Hopp til innhold

Her kan landets største vindkraftverk til havs komme

Eit kanadisk selskap har blåst liv i planane om eit vindkraftverk i havet utanfor Sandøy. Kommunen er begeistra. Det er ikkje ornitologar og naboar.

Henning Sandøy blir næraste nabo til Havsul 1

Henning Sandøy likar ikkje at det skal komme vindturbinar i havet og øydelegge utsikta hans.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ein sel stikk hovudet opp av vatnet, før han dukkar ned att. For familien Sandøy er havet næraste nabo. Sel og sjøfuglar er eit vanleg syn. No fryktar dei at over 30 offshore vindturbinar skal øydelegge panoramautsikta.

– Eg ser rein og urøyvd natur frå stoveglaset. Eg er redd for at det skal bli øydelagt av ein skog av vindmøller, som dekker horisonten og den flotte solnedgangen, seier Henning Sandøy.

Illustrasjon av Havsul 1

Vestavind offshore som eig konsesjonen til Havsul 1, såg for seg at vindparken kunne sjå slik ut. Med åra har vindturbinane blitt færre enn på illustrasjonen, men høgare.

Illustrasjon: Vestavind offshore

Børsta støv av planane

Havsul 1 fekk konsesjon i 2008, men har fram til no ikkje blitt bygt ut. Kanadiske Enbridge har tatt over prosjektet og har søkt NVE om å fornye konsesjonen. Den går ut ved årsskiftet.

– Vi har ikkje tatt ei endeleg avgjerd om investering og vi ser ikkje for oss at vi vil gjere det i løpet av neste år fordi vi framleis gjennomfører utviklingsarbeid, seier Mandy Dinning, i kommunikasjonsavdelinga til Enbridge.

Dersom Havsul 1 blir bygd ut blir det landets største kommersielle vindkraftverk til havs. Equinor sitt planlagde prosjekt i Nordsjøen, Hywind Tampen, har 11 turbinar. Enbridge jobbar no med å få i stand ein avtale for å kople vindturbinane opp til gassanlegget på Nyhamna.

Oddvar Myklebust

Oddvar Myklebust håper at Havsul blir bygt. Han meiner prosjektet er viktig for lokalsamfunnet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vindkraft gir arbeidsplassar

Sandøy kommune, som blir ein del av storkommunen Ålesund til nyttår, er godt kjend med vindkraft. Like ved kyrkja står fem vindturbinar. Desse har vore i drift i 20 år. Ordførar Oddvar Myklebust helsar Havsul velkomen. Kommunen har blitt lovd arbeidsplassar, i tillegg til økonomisk kompensasjon.

– Eg ser verkeleg fram til at vi får mellom 35 og 40 nye arbeidsplassar. Barnetalet går nedover, så håpet er at det vil komme familiar hit, seier Myklebust.

Han forstår at naboar som får øydelagt utsikta si av vindturbinar er kritiske, men meiner at det blir ein god balanse i naturen. Talet på turbinar har blitt redusert i forhold til dei originale planane. Det var gitt konsesjon på 44-117 turbinar. Kommunen har fått opplyst at det blir færre, men større.

Når anlegget står klart trur Myklebust vindparken vil lokke til seg turistar og skuelystne. Og straumen som blir produsert vil vere positivt for fylket.

– Ei stor utbygging her vil også ta bort presset andre stader det er planlagt vindmølleparkar, seier Myklebust.

Alv Ottar Folkestad på Runde

Alv Ottar Folkestad i Norsk ornitologisk foreining er kritisk til vindkraftanlegget.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Håper prosjektet blir skrinlagt

Fleire meiner vindparken ikkje bør byggast. Norsk ornitologisk foreining er sterkt kritisk fordi området er eit av dei viktigaste beiteområde for sjøfuglen på Runde.

– Det er meiningslaust å gjere dette til industriområde, seier Alv Ottar Folkestad. Også fiskarane er kritiske til plasseringa.

Henning Sandøy og kona Janne har bygd opp livet sitt rundt den spesielle utsikta. Dei har brukt mykje pengar på å sette i stand det over 100 år gamle huset. Sandøy har trua på offshore vindkraft, men langt til havs, slik at det blir mindre konfliktar. No håper han at NVE ikkje forlengar konsesjonen.

– Det håpet er vel forsvinnande lite, seier Sandøy.

Havsul1, Morsundet, Harøya

I dette området kan det komme 150 meter høge vindturbinar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK