Hopp til innhold

Tvilar på at øya får 30 arbeidsplassar på vindkraftanlegg

Øysamfunnet er lova opp mot 30 arbeidsplassar på eit vindkraftverk i havet. – Det er naivt og optimistisk, seier professor.

Morsundet, Harøya

Seks kilometer ut i havet frå Morsundet på Harøya er det planlagt å bygge vindturbinar. Havsul 1 er prosjektet kalla.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Landets største vindkraftanlegg til havs kan bli bygd utanfor Harøya på Mørekysten. Det var lovnaden om arbeidsplassar og millionar av kroner som var hovudgrunnen til at lokalpolitikarane sa ja til Havsul1. Folketalet har minka dei siste 10 åra og i dag bur det om lag 1200 innbyggjarar i øysamfunnet.

– Det er viktig for oss at det blir bygd. Ein treng både servicefolk og folk til å køyre båtar. Det blir fort 30 personar for å serve møllene, seier Sigmund Haugen (Ap).

Han fekk med seg fleirtalet i Ålesund kommunestyre på å seie ja til å gi prosjektet utvida byggefrist.

Illustrasjon av Havsul 1

I starten av prosjektet var planen å bygge 78 vindturbinar. Med ny teknologi kan talet bli langt færre. Illustrasjonen er frå dei første planane. Enbridge har ikkje nye visualiseringar av prosjektet.

Illustrasjon: Vestavind offshore

Trur tilreisande gjer jobben

Det er det kanadiske selskapet Enbridge som skal bygge anlegget. Dei har tidlegare lovd at det kan bli etablert inntil 30 arbeidsplassar på drift og vedlikehald-basen på Harøya.

Kjetil Molnes er svært kritisk til løftet og fattar ikkje kva desse stillingane skal bestå i. Han er ein av dei som kjempa mot anlegget før NVE gav konsesjon i 2008. Anlegget har konsesjon på opp til 117 turbinar. No kan det ende med 35. Molnes trur færre turbinar betyr mindre behov for arbeidskraft.

Kjetil Molnes

Kjetil Molnes har vore motstandar av prosjektet heile tida. No tvilar han på at talet på arbeidsplassar blir så høgt som lova.

Foto: privat

– Ingen andre stader skjer vedlikehaldet frå ei stor brakke ved vindparken, der det sit fullt med folk med spesialkompetanse som sjekkar turbinane, seier Molnes. Han meiner at service og drift i staden for kjem til å bli utført av tilreisande.

Han finn det heller ikkje skrive i konsesjonen at dei som skal jobbe med Havsul, forpliktar seg til å busette seg på øya.

Også Inge Huse som eig den største bedrifta på øya tvilar på at det blir så mange arbeidsplassar.

– Eg er ingen ekspert, men det er enkel logikk. Store oljeinstallasjonar i Nordsjøen blir jo fjernstyrt frå langtvekkistan. Eg trur behovet for lokal kontroll er redusert, seier Huse.

Forplikta til mest mogleg arbeidsplassar

Enbridge vil ikkje svare på kor mange arbeidsplassar det blir og om dei tilsette forpliktar seg til å bu på øya. Selskapet seier i ein kommentar at prosjektet framleis er i utviklingsfasen og at det enno ikkje er bestemt kor mange turbinar det blir.

– Enbridge jobbar for å maksimere talet på lokale arbeidsplassar gjennom bygging og drift, seier kommunikasjonsansvarleg, Mandy Dinning.

Talet er overdrive

Øivind Anti Nilsen

Øyvind Anti Nilsen seier det er lite truleg at arbeidsplassane i vindkraftprosjektet blir i lokalmiljøet sidan oppgåvene er spesialiserte.

Foto: Hallvard Lyssand / NHH

Professor Øivind Anti Nilsen ved Noregs handelshøgskole trur heller ikkje at øysamfunnet får så mange lokale arbeidsplassar. Han meiner tala er både naive og optimistiske.

– Det kan hende det kjem ein del arbeidsplassar og det er vanskeleg å seie eksakt kor mange, men frå andre anlegg ser ein at talet som regel er overdrive, seier Nilsen.

Anlegga er elektronisk overvaka og konstruksjonane er robuste for å tole eit tøft miljø. Professoren meiner at dei som skal jobbe på anlegget like gjerne kan vere busett i nabokommunen eller i eit naboland.

– Dette er høgt spesialisert arbeidskraft som truleg får ansvaret for mange havanlegg etter kvart. Det er ikkje den lokale elektrikaren, snikkaren og dykkaren som får ansvar for desse installasjonane, seier Nilsen.

Krev menneskehender

Administrerende direktør Øyvind Isachsen, Norsk Vindkraftforening, Norwea

Øyvind Isachsen er administrerande direktør i Norsk Vindkraftforening, Norwea

Foto: Norsk Vindkraftforening

Administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Norwea, Øyvind Isachsen, seier at det ikkje finst noko havvindparkar i drift i landet og veit difor ikkje kva erfaringar professor Nilsen siktar til. Isachsen trur at det blir store moglegheiter for selskap i regionen dersom prosjektet blir utbygd og det kan bli ein viktig byggestein på vegen mot ein norsk heimemarknad.

– Det er klart at offshore vind krev fleire folk og meir innsats frå spesialutstyr enn om anlegget hadde vore landbasert, seier Isachsen.

Lokalpolitikar Sigmund Haugen trur det blir behov for tilsyn med vindturbinane kvar einaste dag, og det må gjerast av menneskehender. På øya står det allereie fem gamle vindturbinar, og Haugen meiner erfaringa med dei, viser at behovet for lokal arbeidskraft er til stades.

– Dei krev vedlikehald heile tida. Dette blir bra, seier Haugen. Sandøy Energi opplyser at dei brukar mellom ein og to månader i året på vedlikehald og retting på dei fem vindturbinane. I tillegg utfører eit eksternt firma to større servicar i året.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL