NRK Meny

Prest saksøker staten

Ein prest på Nordvestlandet saksøker staten etter at Møre bispedømme sa han opp. Han blei sikta for vald i nære relasjonar, men blei frifunnen for dette i tingretten. Etter det Sunnmørsposten kjenner til - mista mannen førarkortet for promillekøyring, men opplyste til arbeidsgjevar at han kunne køyre. Mannen meiner han er urettvist oppsagt - og rettssaka startar i Oslo tingrett den 24. oktober.

Norges lover
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix