Positivt resultat for Fjord1

Fjord1 har eit overskot etter skatt på 115 millionar kroner i tredje kvartal. Omsetninga var på 705 millionar kroner, og konsernet meiner den vil vekse neste år når nye kontraktar startar opp frå årsskiftet. Resultatbidraget har vore positivt frå både ferje, passasjerbåt, catering og turistområdet, fortel administrerande direktør Dagfinn Neteland.

Dagfinn Neteland
Foto: Sigrid Skjerdal / NRK