Hopp til innhold

Positiv til diagnosesenter

Klinikksjef på klinikk for diagnostikk, Per-Erik Tødenes, er positiv til at ei forening har starta innsamlingsaksjon for finansiering av dyrt medisinteknisk utstyr til sjukehuset i Ålesund. Leiinga ved sjukehuset har godkjent ein plan for å investere i avansert utstyr for diagnostisering av kreft. Utstyret kostar i første omgang 25 millionar kroner - og det må endå meir pengar til for å etablere eit fast senter. Helse Møre og Romsdal klarer ikkje finansieringa sjølv, og Tødenes seier private midlar kjem godt med.

Per-Erik Tødenes
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL