Politikarane vil ha fleire svar

Politikarane i Vanylven vil ha fleire svar før dei kan ta stilling til om Åheim skal få flytte til den nye Nordfjord-kommunen Stad. I Åheim er det samla inn underskrifter med støtte til ei endring av kommunegrensa, og i går kom saka opp i formannskapet – Vi må vite kva konsekvensar dette vil kunne få, og kva det vil bety for framtida for resten av Vanylven, før vi kan behandle saka, seier ordførar Lena Landsverk Sande frå Venstre. Ho meiner det også må bli avklart kvar den nye grensa eventuelt skal gå.

Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven
Foto: Arne Flatin / NRK