Hopp til innhold

Politiet stenger Emblemssanden

Politiet stenger Emblemssanden i Ålesund for vidare festing etter ei rekke ordensforstyrringar på kvelden 17. mai. Det blir meldt om mange fulle ungdommar. Det har vore fleire slåstkampar. Mange av dei som er på staden er ifølge politiet mindreårige. Politiet ber foreldre hente barna sine. Ein ungdom blir meldt for å ha hatt eit replikavåpen som var eigna til å skape frykt.