Hopp til innhold

Politiet meiner gjeng oppsøkte feil personar på Valderøya

Personane som oppsøkte ein familie på Valderøya måndag var truleg ute etter pengar frå ein som budde der før. Fem personar er sikta for grov kroppskrenking etter hendinga.

Væpna aksjon på Valderøya i Giske kommune.

Fem personar er sikta for grov kroppskrenking etter å ha oppsøkt ein familie på Valderøya.

Foto: Viktoria Hellem-Hansen / NRK

Det var måndag morgon at fem personar oppsøkte ei leilegheit på Valderøya i Giske kommune. Dei skal ha angripe ein familie på tre.

No stadfestar politiet at motivet truleg var innkrevjing av pengar og at dei oppsøkte feil personar.

– Det er ting som tyder på at dei oppsøkte feil person. Dei skal ha ønska å oppsøke ein som budde i huset tidlegare, seier politiadvokat Mathias Häber.

Mathias Häber

Politiadvokat Mathias Häber seier at personane truleg var ute etter pengar frå ein tidlegare bebuar på adressa.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Brukte slagvåpen

Politiet møtte opp med store styrkar og var væpna under måndagens aksjon. Dei fem personane som blei arresterte, er både lokale folk og tilreisande. Ein av dei er mindreårig, dei andre er i 20-åra, ifylgje politiet.

Häber kan ikkje seie om dei tilhøyrer noko miljø. Dei fem er sikta for grov kroppskrenking eller medverknad til dette. Dei skal ha blitt brukt improviserte slagvåpen.

– Dei hevdar at personen dei meinte å oppsøke skulda dei pengar, seier Häber. Politiet har tatt beslag i mobiltelefonane til dei arresterte og går no gjennom beslaga. Dei har også ransaka ein bil.

Hendinga skjedde i eit bustadområde, og det skal vere fleire vitne til hendinga.

– Politiet skal gjennomføre fleire vitneavhøyr, seier politiadvokaten.

Åstedsundersøkelse gjort av politi på Valderøya.

Politiet meiner det blei brukt improviserte slagvåpen.

Foto: Jan Erik Finsæther / NRK

Skrekkeleg oppleving

Ordførar i Giske, Harry Valderhaug, oppfattar at hendinga har gått sterkt inn på familien.

– Det var ei skrekkeleg oppleving, seier Valderhaug. To personar i huset blei sendt til legevakt for sjekk.

Kommunen sitt kriseteam har no tilbydd hjelp både til familien som vart ramma og naboane.

– Det er viktig at både kommunen, innbyggjarar og nabolag stiller opp for familien, seier Valderhaug. Han bur i nabolaget sjølv og fekk med seg hendinga på avstand.