Hopp til innhold

Politiet jaktar på gjerningsperson etter overfall mot kvinne (20)

Politiet jaktar på gjerningspersonen og har førebels ingen mistenkte i saka der ei 20 år gamal kvinne skal ha blitt overfalle i sin eigen bustad. No ynskjer politiet tips frå publikum.

Grete Hjelle

Grete Hjelle er den som leier etterforskinga etter at ei kvinne skal ha blitt overfalle i Volda sentrum.

Foto: Andrine Davidsen

Politiet fekk melding om overfallet, som skal ha skjedd i kvinna sin heim i Volda sentrum, like før klokka 03.00 natt til søndag. Politiet omtalar hendinga som grov kroppskrenking.

– Vi har kriminalteknikarar på staden og etterforskar saka, sa etterforskingsleiar Grete Hjelle ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Ifølgje politiet skal det ikkje vere snakk om valdtekt.

Det var Sunnmørsposten som omtalte hendinga først.

Ingen mistenkt

Politiet seier til NRK at dei førebels ikkje har nokon mistenkt i saka.

– Eg har ikkje lyst til å gå ut med meir no, på grunn av omsyn til etterforskinga, sa Hjelle tidleg søndag ettermiddag.

Politiet ber om tips

Seinare søndag ettermiddag melder Hjelle at politiet ynskjer tips og vitneobservasjonar frå folk som har vore i Volda sentrum, nærare bestemt Halkjelsgata, i tidsrommet frå klokka 02.45 til 3.10.

– Politiet er spesielt interessert i tips om ein person som hadde på seg mørk kaps, mørk jakke og lys bukse, seier etterforskingsleiaren.

Tips kan ringast inn til politiet på telefon 02800 / 70118700.

Ifølgje Hjelle er kvinna tatt hand om. Politiet etterforskar den grove kroppskrenkinga breitt og har i ettermiddag blant anna utført taktisk etterforsking og kriminaltekniske undersøkingar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL