Hopp til innhold

Politiet brukte minst ein halv million under prinsessebryllaupet

Den tre dagar lange bryllaupsfeiringa til Märtha Louise og Durek Verrett kosta også for politiet. Til no er det klart at dei brukte rundt ein halv million berre på mat og overnatting.

Politi sperrer veien i Geiranger.

BRYLLAUPSFEIRING: Den tre dagar lange bryllaupsfeiringa starta i Ålesund og enda opp i Geiranger. Så langt opplyser politiet i Møre og Romsdal å ha brukt rundt ein halv million kroner på kost og losji.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Bryllaupsfeberen har lagt seg både i Ålesund og Geiranger.

Det var i slutten av august at prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett feira bryllaup tre dagar til ende. Festen starta i Ålesund og blei avslutta med eit stort bryllaup i Geiranger.

Og med over 300 gjester, både kongelege og kjendisar, måtte politiet bidra for at alt skulle gå sikkert for seg.

Les også Politiet ber om meir pengar til prinsessebryllaupet

Politiet er på Hotel Union Geiranger for å planlegge prinsessebryllaup

Minst ein halv million i kostnader

I ei pressemelding går politiet i Møre og Romsdal no ut med nokre av kostnadane dei hadde knytt til bryllaupet.

Ifølge politiet manglar framleis ein del av dei samla kostnadane. Det dei veit per no, er at dei har utgifter på rundt 500.000 kroner for mat og overnatting i Geiranger.

I tillegg har dei brukt rundt 50.000 kroner i materiellkostnader for oppdraget i sin heilskap.

Politiet opplyser at størsteparten av utgiftene deira er knytt til at dei måtte ha personell til stades i Geiranger heile helga. Det blir det naturlegvis buutgifter av, seier dei.

politioverbetjent, Hans Martin Gridseth

Stabssjef i Møre og Romsdal politidistrikt, Hans-Martin Gridseth.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Dei som kjenner Geiranger veit at avstandane ikkje legg til rette for pendling. Det har vore viktig for oss å planlegge best mogleg for våre tilsette, slik at oppdraget blir løyst så smidig som mogleg og belastninga minimal.

Det forklarar stabssjef i Møre og Romsdal politidistrikt, Hans-Martin Gridseth.

– Kva vi trur totalkostnadane kjem på, ønskjer vi ikkje å spekulere i og forheld oss til sluttsummen når den er klar, seier stabssjefen.

Les også Her gjer politiet seg klar til prinsessebryllaup i Geiranger

Politiet er i Geiranger for å planlegge prinsessebryllup

Gav eit estimat på 3 millionar

Politiet sitt oppdrag under bryllaupsfesten var i hovudsak knytt til gjestane som hadde krav på å bli beskytta.

Sikkerheita knytt til arrangementa elles, låg til arrangøren.

Politi under bryllupet til Märtha Louvise og Durek Verret.

Det er så langt uklart kor mykje pengar politiet i Møre og Romsdal har brukt på arbeid under bryllaupet i Geiranger.

Foto: Christian Breidlid / NRK Christian Breidlid

I tillegg skulle politiet også vareta orden- og trafikktenestene. Det var venta at det ville vere mykje folk i Geiranger under bryllaupet.

Politiet opplyser at dei på eit tidleg tidspunkt i planlegginga undersøkte moglegheitene om ei sentral finansiering med Politidirektoratet.

Då gav politiet eit estimat på inntil 3 millionar kroner.

– Årsaka var at dette ville vere eit ekstraordinært oppdrag for politidistriktet. Men vi har likevel, gjennom heile planleggingsfasen, vore førebudde på å dekke kostnadane innanfor våre eigne rammer, opplyser Gridseth.

Les også Trodde det skulle bli kaos i Geiranger: – Færre folk enn vi hadde forventa

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett er omgitt av pressen når de vinker på trappa til Hotel Union i Geiranger

Usikkert kor mykje det vil koste

Vidare seier politiet at det vil ta noko tid før dei har den endelege oversikta over kostnadane knytt til oppdraget.

– Det er per i dag, ein vesentleg del av kostnadsbildet som ikkje er klart, og det vil det ikkje vere før rekneskapsføringa er klar. Det gjeld heilt konkret lønnskostnadar, som er den største utgiftsposten knytt til oppdraget.

Det er forventa at dette skal vere klart i midten av oktober.

hotell union geiranger siste finpuss og politi

Politiet i Møre og Romsdal stilte med personell under bryllaupet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet i Møre og Romsdal brukte i hovudsak eige personell under bryllaupsfeiringa.

I tillegg kom det personell frå nasjonale ressursar, mellom anna tilsette i bombegruppa politiet.

– Det fører til ein auke i lønnskostnader ved at vi nyttar eige personell Ikkje berre for sjølve helga då vi gjennomførte oppdraget, men også i ei viss tid før og etter, seier Gridseth.

Samtidig vektlegg han at ein føresetnad for å bruke personell frå eige distrikt har vore å sikre nødvendig beredskap for innbyggarane i heile politidistriktet; før, under og etter arrangementet.

Les også Geiranger er klare for bryllup:– Vi er veldig glad i kongefamilien vår

Inger Elise Kolstø fra Karmøy og Elisabeth Kallevik Nesheim fra Vindafjord gleder seg til bryllupet.

Har gått utover andre oppgåver

Lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund, Øyvind Kvalvaag, seier at det ikkje berre er reine fakturerbare kostnader som må inn i reknestykket. Mange har brukt mykje tid på planlegging i forkant.

Og svært mange tilsette har jobba i Geiranger i staden for å gjere sin ordinære jobb andre stader. Ingen andre har utført deira arbeidsoppgåver i fråværet, seier Kvalvaag.

Det har blitt brukt lite overtid i samband med bryllaupet for å halde kostnadene nede, men likevel har det ein pris, meiner den tillitsvalde.

Timane som har blitt brukt skulle elles gått til trafikkontrollar, etterforsking og ordinære oppgåver.

– Tid og pengar brukt ein brukt ein stad, medfører mindre tid og pengar andre stader, seier Kvalvaag.

Øyvind Kvalvaag er leiar i Politiets fellesforbund i Møre og Romsdal

Øyvind Kvalvaag er leiar i Politiets Fellesforbund i Møre og Romsdal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vil ikkje kommentere detaljar

Også politiet sin sikkerheitsteneste (PST) hadde ei sentral rolle under den tre dagar lange bryllaupsfeiringa.

Kongehuset har ei eiga livsvaktteneste, Den kongelege politieskorten, som har vore ein del av PST sidan 2022.

Under bryllaupet såg NRK sine journalistar at Pst var delaktig i å transportere prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett mellom fleire lokasjonar.

Seniorrådgivar i PST, Eirik Veum, seier følgjande om saka.

– PST ønskjer ikkje å kommentere detaljar rundt vårt oppdrag på Sunnmøre, korleis vi utførte oppdraget eller kva tiltak som blei sett i verk. PST, gjennom Den kongelege politieskorte, løyste arbeidsoppgåvene på vanleg vis.

Eirik Veum, PST

Seniorrådgivar i PST, Eirik Veum.

Foto: Marius Christensen / NRK

Han seier vidare at Den kongelege politieskorte utfører livvakt- og nærsikringsoppgåver for kongehuset og medlemmer av kongefamilien.

– Dette er personar som har behov for sikkerheit basert på trusselvurderingar, seier Veum.

PST vil ikkje svare på alle spørsmåla frå NRK i denne saka.

Dei svarer mellom anna ikkje direkte på spørsmål om PST yter tenester ovanfor heile kongefamilien, og kva vurderingar dei gjer med tanke på personar som står kongefamilien eller kongehuset nær, utan å direkte vere ein del av det.

Les også Politiet væpnar seg til bryllaupet

Asiatiske turistar tar selfie framfor Hotel Union Geiranger