Politiet etterlyser kvinne

Politiet ber publikum om hjelp til å finne ei sakna kvinne i 30-åra i Ålesund. Kvinna vart sist sett ved rutebilstasjonen på Moa laurdag klokka 19.45. Politi, Røde Kors, brannvesen, helsepersonell, Redningsskøyta og Norske redningshunder har søkt etter kvinna i Moa-området i natt. Kvinna er 165 cm høg og har skulderlangt mørkblondt hår. Ho hadde på seg ein svart genser, ei svart lang jakke, svart joggebukse og svarte sko med kvit såle. Politiet ber dei som har sett kvinna om å ta kontakt ved å ringe 02800. – Vi jobbar for fullt med å følgje alle elektroniske spor og videoovervaking over området, sieer operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Borge Amdam, til NRK søndag.

Laster Twitter-innhold