Hopp til innhold

Grytebust og Nyland plukka ut

Norges Fotballforbund sett i gang eit nytt keeperprosjekt der målet er å utvikle to nye A-landslagskeeperar i løpet av ein treårsperiode. To frå Møre og Romsdal er med.

Sten Grytebust

ER MED: Sten Grytebust frå AaFK er eit av to talent frå Møre og Romsdal som får vere med på satsinga.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / SCANPIX / Scanpix

Keepertrenar for A-landslaget, Frode Grodås, leiar prosjektet som vert kalla «Morgendagens keepere 2014».

Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland og AaFK-keeper Sten Grytebust er plukka ut til å vere med.

Toppfotballsenteret og Olympiatoppen er også involvert, og bidreg med kompetanse undervegs.

Ørjan Håskjold Nyland.

ER MED: Ørjan Håskjold Nyland frå Hødd er med i den nye keepersatsinga.

Foto: Arne Flatin / NRK

Keeperane som er plukka ut er i alderen 19–22 år, men også Vikings sisteskanse Rune Jarstein er med. Han er ein del eldre enn målgruppa, men blir med som rettleiar.

– Målet er at vi i løpet av ein treårsperiode skal ha to nye landslagskeeperar. Det er eg sikker på at vi kjem til å få til, seier Frode Grodås.

Desse blir med i prosjektet:

  • Lars Cramer – Strømsgodset
  • Sten Grytebust – Aalesunds fotballklubb
  • André Hansen – Odd
  • Eirik H. Johansen – Manchester City
  • Ørjan Håskjold Nyland – Hødd
  • Arild Østbø – Viking
  • Rune Jarstein – Viking

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL