Hopp til innhold

– Då han tok fram ein kniv var det ikkje morosamt lenger

I heile landet får politiet meldingar frå personar som har opplevd skremmande klovnar. I Møre og Romsdal blei to søstrer trua med kniv.

Aina og Sonja Innerdal

Dei to søstrene Aina og Sonja Innerdal møtte klovnen ved bensinstasjonen i Eidsvåg i Nesset tysdag kveld.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dei to søstrene var på veg heim til Sunndalsøra frå Kristiansund då dei tysdag kveld fekk auge på to personar utkledd som klovnar som gjekk rundt i Eidsvåg sentrum. Av rein nysgjerrigheit snudde dei bilen for å sjå kva det var som gjekk føre seg.

– Vi hadde høyrt om klovnar som dreiv å skremde folk i Amerika og var nysgjerrige, seier Aina Innerdal.

Drog fram ein kniv

Då dei to søstrene stoppa bilen ved bensinstasjonen i Eidsvåg, kom ein av klovnane bort til dei og byrja å banke litt på rutene. Etter kvart hoppa han også opp på hengarfestet på bilen slik at den gynga opp og ned.

Aina og Sonja Innerdal

Dei to søstrene Aina og Sonja Innerdal tok bilete av klovnen då han kom bort til bilen dei køyrde.

Foto: Roar Strøm / NRK
"Killer Clowns" Eidsvåg i Nesset

Aina Innerdal tok bilete av personen som kledde seg ut som ein klovn i Eidsvåg i Nesset tysdag kveld.

Foto: AINA INNERDAL / privat

– Vi tenkte at det berre var ein unge som ville ha det litt artig. Då han tok fram ein stor kniv og banka på ruta, var det ikkje morosamt lenger, seier Aina.

– Vi var i utgangspunktet ikkje redde, men det er sjølvsagt skummelt at han hadde med seg kniv, seier Sonja.

Dei to søstrene ringde så til politiet, som skulle sende ut ein patrulje. Då klovnen gjekk ned frå hengarfestet nytta dei sjansen til å køyre vekk frå staden for å vente på politiet. Men då politiet kom til staden hadde klovnen allereie lagt på sprang.

Men dei to jentene er ikkje aleine om å møte på slike klovnar. Den siste tida har det vore fleire tilfelle i Amerika og Europa der skumle klovnar har dukka opp i gatene, ofte væpna med knivar og slagvåpen, der målet er å skremme andre.

Fenomenet blir kalla «killer clowns», eller «skremmeklovnar», og no ser det ut til at trenden er komen til Noreg.

Politiet åtvarar

Det siste døgnet har politiet fått fleire meldingar frå folk i fleire deler av landet, som har sett skremmande klovnar. Politiet i Norge åtvarar no mot denne type åtferd.

"Killer Clowns" Eidsvåg i Nesset

Aina Innerdal tok bilete av personen som kledde seg ut som ein klovn i Eidsvåg i Nesset tysdag kveld.

Foto: PRIVAT / AINA INNERDAL

– Dette kjem inn under skremmande og plagsam åtferd. Og sjølv om dei ikkje er væpna så kan det vere straffbart. Det kan også vere traumatisk for dei som opplever dette, seier politiførstebetjent Frank Knudtzon ved politiet i Møre og Romdal.

Også dei to søstrene meiner det er dumt at nokon prøve skremme folk på denne måten.

– Det kan sikkert opplevast som veldig skummelt for nokre, seier Sonja Innerdal.

– Ja, og dei veit aldri kven dei møter på eller kor redd dei er klovnar, seier Aina.

Politiet bekreftar at saka er meldt. Vedkomande hadde også med seg slagvåpen, noko som er ulovleg. Forholdet skal ha blitt filma og saka blir no etterforska av politiet i Sunndal.

Laster Twitter-innhold