Hopp til innhold

Hareid i økonomisk skvis: – Vi har gått på ein kjempesmell

2024 blei kriseår for Kommune-Noreg. 17 av 27 kommunar i Møre og Romsdal går med underskot.

Biletet viser bygda Hareid. Biletet er tatt frå vatnet, i bakgrunnen kan du sjå runde slake fjell.

Hareid kommune går mest i underskot blant kommunane i Møre og Romsdal i 2024.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Etter fleire år med meirforbruk, nytt helsehus og oppussing av rådhuset, er den økonomiske situasjonen for Hareid dramatisk. Øykommunen på Sunnmøre går mest i underskot blant alle kommunane i Møre og Romsdal.

I 2024 brukte dei 70 millionar kroner for mykje, ifølgje konstituert assisterande kommunedirektør Hanne Rognan.

No må kommunen knipe att på pengepungen.

– Vi har gått på ein kjempesmell. Vi er i ferd med å rydde opp og gjere det oss kan for å få snudd dette, seier ordførar Bernt Brandal (Folkelista for Hareid).

en mann som står foran en datamaskin

Bernt Brandal seier kommunen har og må skjerpe seg på pengebruken.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Krise i Kommune-Noreg

NRK har gått gjennom økonomien til alle kommunane i landet. Der kjem det fram at 17 av 27 kommunar i Møre og Romsdal gjekk med underskot i 2024.

Tingvoll, Sula, Ørsta og Sande er blant kommunane som går mest i minus.

Verst ut kjem Hareid. Kommunen fekk eit driftsresultat på -10,4 prosent i 2024, altso at dei brukte meir enn dei fekk inn.

– Det har vore dramatisk dei to siste åra. Vi har ein stat som renn over av pengar, og så må vi i kommunen stramme inn og effektivisere der oss kan, seier ordførar Brandal.

Det er 40 år sidan sist det gjekk så dårleg med økonomien i norske kommunar.

Fleire kommunar slit så mykje at det går ut over tenestetilbodet til innbyggarane. For å bøte på dette la regjeringa i fjor vår 5 milliardar ekstra på bordet til kommunane.

Sjekk korleis det går i din kommune her:

Gode tal

I den andre enden av skalaen er Aukra. Dei bryt med kommunetrenden og gjekk i pluss med 30 prosent.

Kommunen får store inntekter for eigedomsskatt og ilandføring av gass frå Ormen Lange.

– Det er hyggeleg å leie ein kommune som driv med så gode resultat. Vi driftar kommunen godt, seier kommunedirektør Gerd Marit Langøy.

Hadde situasjonen vore like bra utan gassanlegget?

– Det hadde vore ein heilt anna situasjon, seier Langøy.

Kommunedirektøren seier dei likevel drift forholdsvis nøkternt og sparer mykje av inntektene til langsiktige prosjekt.

Gerd Marit Langøy, styremedlem i Helse Møre og Romsdal

I Aukra kan kommunedirektør Gerd Marit Langøy smile, med eit langt betre driftsresultat enn dei andre kommunane.

Gjemnes kommune er også ein kommune som går mot straumen. Dei har ikkje eit stort gassanlegg å lene seg på, men har styrt seg til eit solid overskot.

Slik har det ikkje alltid vore. I 2008 hamna kommunen på det berykta Robek-lista, der dei skulle bli verande i sju år. No er dei blant suksesshistoriene i Kommune-Noreg.

Les også Denne kommunen gjekk mot straumen i kriseåret 2024: – Forsiktig pengebruk er heilt avgjerande

Et tettsted ved fjellet

Vonde kutt

I Hareid førebur dei seg til enda meir kutt. Allereie har kommunen kutta rundt 40 årsverk i kommunen.

– Vi må stramme inn. Vi er pålagt stadig fleire oppgåver frå staten, utan at det føl pengar med.

Fleire forslag for å betre økonomien ligg på bordet, mellom anna å auke eigedomsskatten, kutte i kulturtilbod og legge ned dagsenter for demente og politiske utval.

Ordføraren vil ikkje seie noko om kor kutta vil kome.

– Det er alltid det store og det vanskelege. Vi må redusere omfanget av tenestene våre på fleire område. Samstundes som vi må gjere grep for å auke inntektene våre framover, seier Brandal.

Ordføraren seier dei til no i år har balanse i drifta, og ser for seg å gå i pluss til neste år.

en mann som står foran en datamaskin

Ordførar Bernt Brandal må no bestemme seg for kor dei kan kutte.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Trass i dramatisk tal for Hareid kommune, er folk NRK møter på gata nøgde med arbeidet politikarane gjer:

  • en person som står på en parkeringsplass
    Hans-Olav Landsverk / NRK

    Alice Arnesen

    – Det er ein god kommune å bu i, men det med øknomi er det kjedeleg. Det som er synd er at det går ut over eldre og unge, men det er også dei største utgiftspostane. Dei får styre, eg stolar på dei.

  • en mann som står på en parkeringsplass
    Hans-Olav Landsverk / NRK

    Svein Røyset

    – Dei har gjort mykje bra. Det har skjedd mykje positivt for Hareid. Dei har gjort mykje langs hamna og i sentrum. Det kostar pengar. Det blei brukt mykje pengar til skule, det var eit stort underskot.

    – Det vil gå ut over ting. Slik som for helse og omsorg må dei spare, og på skulane. Det vil få konsekvensar. Det er berre slik.

  • Hareid kommune

    Hareid kommune gjekk 10,4 prosent i minut i netto driftsresultat for 2024. Det viser tal frå KS. Dette gjer dei til den kommunen i Møre og Romsdal som går mest i underskot i 2024.

    Allereie i år ser det ut til å betre seg. Ifølgje konstituert assisterande kommunedirektør Hanne Rognan har kommunen så langt i år økonomisk balanse.