Hopp til innhold

Orkidé vil ha nytt kompetansesenter i Kristiansund

Samanslutninga av kommunar på Nordmøre, Orkidé, vil ha eit nasjonalt kompetansesenter for helse i staden for eit distriktsmedisinsk senter.

Orkidé

Orkidé, vil ha eit nasjonalt kompetansesenter for helse i staden for eit distriktsmedisinsk senter.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det kom fram på eit møte om det nye felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal i dag.

Hilde Jørgensen Gjersvold i Orkidé, seier dei vil ha eit regionalt senter som har eit breiare tilbod enn det Kristiansund har vore tiltenkt til no.

– Vi i Orkidé synest at eit distriktsmedisinsk senter i utgangsforbundet ikkje dekker det behovet som innbyggarane i Nordmøre har for helsetilbod i framtida, seier ho.

Forslag til nytt senter

Hilde Jørgensen Gjersvold i Orkidé

Hilde Jørgensen Gjersvold i Orkidé, seier dei vil ha eit regionalt senter som har eit breiare tilbod enn det Kristiansund har vore tiltenkt til no.

Foto: Roar Strøm / NRK

I to dagar skal fagfolk, tillitsvalde og leiinga i Helse Møre og Romsdal sitte saman og stake ut kursen for det vidare arbeidet med det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal, og det akuttmedisinske senteret i Kristiansund.

No ønskjer Orkidé eit større helsetilbod i Kristiansund enn eit distriktsmedisinsk helsesenter.

– Det står ikkje definert nokon plass kva eit slikt distriktsmedisinsk senter skal innehalde. No har vi kome med nokre idear til funksjonar, og så må vi sjølvsagt ha med oss fagfolk vidare i prosessen som kan kome med innspel rundt konkrete funksjonar i huset, seier Jørgensen Gjersvold.

Vil jobbe mot eit framtidsretta tilbod

Plasseringa av det nye fellessjukehuset for Møre og Romsdal har skapt strid og sjukehussaka er framleis ei betent sak.

Jørgensen Gjersvold seier at ønsket om eit nytt kompetansesenter ikkje nødvendigvis er knytt til plasseringa av det nye sjukehuset. Målet er ifølgje ho at innbyggarane på Nordmøre skal få eit best mogleg tilbod.

– Uavhengig av det som har skjedd før så ønskjer vi å kunne tilby eit godt helsetilbod både no og i framtida. I tillegg er vi opptatt av å bevare kompetanse og arbeidsplassar i regionen, seier ho.

Er positive til forslaget

Espen Remme

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, meiner nordmørskommunane sitt forslag er spennande.

Foto: Roar Strøm / NRK

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, meiner nordmørskommunane sitt forslag er spennande.

– Vi er veldig positive til forslaget. Her tek Orkidé ansvaret for å tenke framtidsretta i forhold til å skape eit omfattande helsetilbod for innbyggarane i Kristiansund, seier han.

– Det er klart at spesialisthelsetenesta ikkje løyser alt aleine, så det å kople prosjekt og organisering av spesialisthelsetenesta med dette forslaget frå Orkidé, støttar vi, held han fram.

Samanslutninga av kommunar på Nordmøre, Orkidé, vil ha eit nasjonalt kompetansesenter for helse i staden for eit distriktsmedisinsk senter.

VIDEO:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL