Hopp til innhold

Ikkje uroleg for sjukehusbygginga

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, er trygg på at helseføretaket er i rute med arbeidet med nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

Dag Hårstad, konstituert adm.dir. i Helse Møre og Romsdal

Sjefen for Helse Møre og Romsdal meiner styret skal klare å følge opp dei økonomiske langtidsplanane og forsikrar at både forprosjekt- og investeringsplanane er i rute.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

På styremøtet i Helse Midt-Norge i dag kom det fram at fleire styremedlemar er sterkt uroa over økonomien til Helse Møre og Romsdal, og at det kan bli nødvendig å utsette bygginga av eit nytt sjukehus.

Forstår uroa

Dag Hårstad seier han har registrert uroa hos enkelte medlemmer, men er ikkje uroa for sjukehusbygginga. Likevel kan han forstå at styret i Helse Midt- Noreg er urolege for den økonomiske berekrafta til alle investeringsprosjekta i helseregionen.

Stein Kinserdal og Dag Hårstad

Styreleiar Stein Kinserdal og administerande direktør Dag Hårstad i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Den uroa deler vi. Men vi har ein langsiktig strategi for korleis Helse Møre og Romsdal skal kome i både faglege og økonomisk balanse. Planen er slik at vi skal klarer å løfte både dei andre store investeringane som skal skje i helseregionen, og få bygd nytt sjukhus for Nordmøre og Romsdal, seier han.

Dermed meiner han også at det blir tatt ei avgjerd på forprosjekt til nye-sjukehuset hausten 2016, og ei avgjerd om investeringar hausten 2018.

Skisse av nytt sjukehus i Molde

Skisse av det nye sjukehuset som skal byggast på Hjelset.

Foto: Helse Nordmøre og Romsdal

Redusere kostnadsnivået

Hårstad presiserer at Helse Møre og Romsdal held seg til styrevedtaka som er gjort, og at det blir arbeidd knallhardt for å få betre grep om økonomien.

Ei samla leiargruppe er klar på at dei skal klare å redusere kostnadsnivået endå meir i løpet av andre halvår.

– Det er ein tung jobb, men vi er i gang og jobbar no systematisk for å oppfylle føresetnadene for å få til alt det som skal skje. Dette har eg ei samla leiargruppe med meg på, seier Hårstad.

ID: 1.12082869

Tung jobb

I desse dagar jobbar Helse Møre og Romsdal med kva prosessar dei som organisasjon kan å køyre for å redusere kostnadsnivået, og samtidig halde opp eit godt fagleg tilbod for innbyggarane i fylket.

– Denne balansen vi jobbar systematisk med no, og eg er ikkje i tvil om at vi vil klare å kome i mål, avsluttar Dag Hårstad.

Opdøl

Nye-sjukehuset med planløysing for dei ulike avdelingane.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Styret i det lokale helseføretaket skal vere med på eit felles styremøtet i Helse Midt-Noreg i september.