Sjukehuset som folket ikkje ville ha
Kronprins Haakon opna det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal og helste på innlagte barn. Men vegen dit har vore tøff.
Den heftige sjukehusstriden har vart i to tiår.
Først skulle Molde få eit nytt og større sjukehus. Sjukehuset var gamalt og slitt.
Føde- og akuttavdelinga i Kristiansund skulle flyttast til Molde.
Det var ei krigserklæring for nordmøringane. Dei frykta at deira sjukehus skulle bli ribba for funksjonar.
I 2012 blei det bestemt at det heller skulle byggast eitt felles sjukehus. Men i kva by skulle sjukehuset ligge?
Kristiansund ville tilby gratis tomt, men dåverande ordførar Per Kristian Øyen tapte kampen.
I staden var det Hjelset som vann. Staden ligg mellom Molde og Kristiansund, men nærast Molde.
Ein sjukehusdirektør gjekk av, det same gjorde fleire andre helsetoppar.
Prosessen førte til demonstrasjonar og fakkeltog i Kristiansund. Folket frykta lang reiseveg og dårlegare helsetilbod.
Kristiansund kommune gjekk til sak for å få omgjort vedtaket, men tapte i to rettsinstansar.
Stortinget vedtok bygging av det nye sjukehuset i 2017. Kunne det bli fred no?
Langt i frå. Fødeavdelinga i Kristiansund blei stengt 3 år før det nye sjukehuset blei ferdig. Ny krig med bunadsgeriljaen i spissen.
Då dåverande statsminister Erna Solberg la ned grunnsteinen til det nye sjukehuset, var det fleire ordførarar som ikkje møtte opp i protest.
Pasientane har flytta til det nye sjukehuset.
Og no har sjukehuset offisielt opna med brask og bram. Og mange skrytetalar.
– No opnar vi det som truleg er eitt av dei mest moderne sjukehusa i Europa.
På det gamle sjukehuset i Kristiansund har det blitt medisinsk senter med dagkirurgi.
Men er stridsøksa begravd?
– Eg er opptatt av at dette skal bli så bra som mogleg. Det er her vi alle skal få hjelp når vi treng det.
Medan såra blant befolkninga heler jobbar helsepersonell for å gi eit best mogleg tilbod til både nordmøringar og romsdalingar.