Hopp til innhold

Ord i dag: tater og romani

Er ordet ”tater” krenkjande? Og korleis lyder taterspråket - romani?

I radio- og internettserien ”Ord i dag” har vi før snakka om ordet ”sigøynar”, som sterke krefter no vil ha oss til å slutte å bruke. Denne gongen spør vi: Er ”tater” også eit ord vi bør fjerne frå daglegtalen vår fordi mange oppfattar det som krenkjande? Dessutan skal vi sjå nokre døme på taterspråket, eller romani.

Høyr samtalen mellom songaren Laila Yrvum og programleiar Odd Sørås i NRK Møre og Romsdal 17/9: Ord i dag: taterspråk

Namn på eit folk

Kven er taterane, eller romanifolket, som er det meir offisielle namnet? Den vanlegaste oppfatninga i dag er at taterar og rom (sigøynarar) opphavleg er same folket, med eit fjernt opphav i India. Gjennom 500 år i Norden har romanifolket fått eit visst nordisk preg, både gjennom kulturpåverknad og ved at folk av andre grupper, både bufaste og omstreifarar, har slutta seg til dei og gifta seg med dei.

Ein annan teori er at dei nordiske taterane stammar frå nordiske grupper som av forskjellige årsaker blei omreisande, men at dei gjennom kontakt med rom-folket har tileigna seg mykje av språket deira.

"Tater" kjem av tatar (også tartar), ei tyrkisk folkegruppe ved Volga. Det er nok det mest kjende namnet på romanifolket her i landet, men i store delar av landet er dei også blitt kalla fant eller splint.

Krenkjande?

Blant romanifolket sjølve er det ulike meiningar om desse orda, det ser vi bl. a. av det organisasjonane deira står for. Landsorganisasjonen for Romanifolket ser på dei som diskriminerande og kjempar imot bruken av namna tater, fant og splint. Taternes Landsforening har derimot som mål å gjere "tater" til eit stolt namn.

Laila Yrvum

Laila Yrvum

Foto: Privat

I "Ord i dag" i formiddagssendinga til NRK Møre og Romsdal 17/9 spurde vi Laila Yrvum – artist og tater – om dette. Ho brukar "tater" i mange samanhengar sjølv og har ingen problem med det, men seier at det for mange knyter seg så mykje sårt til dette namnet at ein bør vere varsam, kanskje heller omtale folket som "dei reisande".

Romani

I Norden skil vi mellom romani, som er språket til romanifolket (taterane) og romanés, språket til rom-folket (sigøynarane), men språka er altså nært i slekt. I lang tid har norsk har vore hovudspråket blant romanifolket her i landet, men romani har vore mykje brukt f. eks. ved spesielle markeringar eller innan familien – Laila Yrvum kallar det eit "familiespråk" – og når dei har kjent behov for å kommunisere med kvarandre utan at andre nordmenn forstod det. I dag er det nok vilje blant store delar av romanifolket til å halde oppe og kanskje auke bruken av språket.

Norsk romani ber preg av hundrevis av år i samliv med det norske språket. Setningsbygninga, bøyingsformene og preposisjonane er norske. Den første som laga ei ordliste over dette språket, var stortjuven Gjest Baardsen.

På denne sida finn du "Romani-folkets ordbok"

Eksempel på romani

Her er litt av ei vise på romani med norsk omsetjing. Heile visa finn du på denne sida: Minoritetsspråk i Norden

Rommano Kjavo [Rommanogut]

Ninna vil jag jija je tikno jijepa,
det honkar om de tavringar som pala drommen jar.
Om sassaro de kjavoar som jalar sigd og lett
i kjetani med natan uti vandringsjiddanet.

Ja, kjeien miros honkar så låssjano og fri,
for dåva honkar avad ut av hårta rommani.
Hon kammar sjukkra jakkar og kalot sjukkart bal,
hon føljer ninna miros igjennom vessj och dal.

*******
Omsett av Rolf Theil:

No vil eg syngja ein liten song
det handlar om dei taterar som etter vegen går.
Om alle dei gutane som går raskt og lett
i saman med kona uti taterlivet.

Ja, jenta mi er så lukkeleg og fri,
for ho er komen ut av ekte rommani.
Ho har vakre augo og svart vakkert hår,
ho fylgjer no meg igjennom skog og dal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL