NRK Meny

Opprettar tilsynssak

Fylkesmannen vil opprette tilsynssak mot Ålesund sjukehus, eit kommunelegekontor på Sunnmøre, Ålesund interkommunale legevakt og eit fysioterapifirma. Det seier konstituert fylkeslege Cato Innerdal i Møre og Romsdal til smp.no. Bakgrunnen er at ei kvinne frå Sunnmøre døydde veker etter at ho blei menisk-operert på Ålesund sjukehus i april.

Ålesund sjukehus
Foto: Remi Sagen / NRK