Opplevingsfestival

I dag starta Opplevingsfestivalen i Fosnavåg. Det er ein del av eit fylkeskommunalt 3-årig prosjekt som har fått namnet «Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal». Målet er først og fremst at deltakarane skal knyte nye kontaktar under festivalen. Festivalen er ein arena av, med og for aktørar som tilbyr ei eller anna form for oppleving, enten innafor kultur, reiseliv eller lokalmat.

Jan Sverre Sivertsen (til venstre) er prosjektleiar for reiseliv, mat og kultur. Lillian Sæther(til høgre) er rådgjevar i fylkeskommunen.

Opplevingsfestival
Foto: Arne Flatin / NRK