Hopp til innhold

Opphevar kokevarsel for dei fleste i Ålesund

Med få unntak kan folk i Ålesund som fekk kokevarsel tidlegare denne veka, drikke vatn rett frå springen igjen.

en person som lager mat i en gryte

No er det ikkje nødvendig å koke vatnet dei fleste stader på Nørvøya, Aspøya og Hessa i Ålesund kommune.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Det melder Ålesund kommune.

Kommunen forklarer at vassprøve nummer to er analysert og viser at det er trygt å drikke vatnet for dei fleste av dei 18.000 som fekk kokevarsel onsdag.

Kommunen melder at vassforsyninga no er i normal drift, og at det ikkje lenger er nødvendig å koke drikkevatnet dei fleste plassar.

Les også Tusenvis av innbyggere må koke vannet sitt etter funn av tarmbakterier

en mann som holder en flaske vann på et kjøkken

Unntak

Unntaket er Bjønnadalen, Grensegata, Fjellstua og øvre del av Vervgata.

Kommunen opplyser i ein artikkel på sine nettsider at dei der har hatt lågt trykk og til dels vore utan vatn.

– Dette gir risiko for forureining og det er heller ikkje faste prøvetakingspunkt her som fortel om kvaliteten på vatnet. Innbyggarane i dette området får no vatn direkte frå høgdebassenget. I samband med denne hendinga skal det gjerast ytterlegare arbeid med reinsing av bassenget, skriv kommunen.

et par menn i gule vester som står ved siden av en lastebil

Kommunen har jobba med å spyle og reinse for å få reint drikkevatn igjen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dei opplyser at vatn frå bassenget er skilt med dobbel barriere frå resten av byen.

– På grunn av vidare arbeid med vassforsyningssystemet og bassenget vert kokevarselet som føre-var-prinsipp opprettheldt i dette området, sjølv om vi no har to reine oppfølgingsprøver også frå bassenget, skriv dei.

Innbyggarane det gjeld får varsling om det på SMS om utviklinga framover.

En butikk med hyller med drikke

Det vart raskt tomt for drikkevatn i butikkane i Ålesund då kokevarselet kom onsdag.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Kan bli sjuke

Dersom ein får i seg denne typen tarmbakteriar kan det føre til symptom som magetrøbbel, kvalme, diare og oppkast, ifølge kommuneoverlegen i Ålesund, Alexander Wiig.

– Dersom ein skulle ha det, og det blir meir enn berre eit mildt forløp, så er det viktig å kontakte fastlegen for å ta prøver, sa han til NRK.

kommuneoverlegen koker vann i Ålesund

Kommuneoverlegen i Ålesund, Alexander Wiig måtte sjølv koke vatn.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK