NRK Meny
Normal

– Den største dagen i Herøy si historie sidan sildefisket på 50-talet

Torsdag kveld blei Fosnavåg konserthus offisielt opna. Kringkastingsorkesteret og Apparatjik med mellom andre Magne Furuholmen kasta glans over den nye storstova.

No i kveld er det offisiell opning av det nye konserthuset i Fosnavåg. Kringkastingsorkesteret og Magne Furuholmen er blant dei som er med. Det er stor glede over at Herøy har fått ei slik kulturell storstove.

Sjå tv-saka: Det var stor glede over at Fosnavåg har fått ei slik kulturell storstove torsdag kveld.

Det var stor glede over at Herøy har fått dette konserthuset. Gjestene var svært oppspelte før orkesteret sette i gang.

– Fantastisk kveld

Dagleg leiar i Fosnavåg konserthus, Fredrik Remøy, meiner dette er den største dagen i Herøy si historie sidan sildefisket på 50-talet.

– Dette er det største eg har opplevd i mitt liv. Det går ikkje an å matche seinare, alt blir mindre enn dette, seier Remøy.

Den andre konserten er fredag kveld og begge kveldar har det vore utseld for lenge sidan. Arrangementsleiar Bjørn Holum seier han rett og slett har hatt problem med å plassere alle som ville få med seg konserten.

Laurdag inviterer konserthuset til open dag for folket.