Opnar badeplass i Molde
Røvika i Molde er igjen open for bading. Badeplassen vart stengt 5. juli på grunn av at vassprøver viste høge bakterietal. – Prøveanalysane for dei siste dagane viser normaliserte verdiar. No er det fritt fram å bade igjen, også i Røvika, melder kommuneoverlege i Molde, Cato Innerdal.