Hopp til innhold

Ønskjer asylungdom velkomen

- Vi skal klare denne utfordringa, sier Halsa-ordføraren. Kommunen skal ta i mot 33 asylsøkarar i alderen 15 til 18 år.

Ordførar Ola Rognskog i Halsa

Ordførar i Halsa, Ola Rognskog.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ordførar Ola Rognskog i Halsa meiner kommunen er godt budd på å ta i mot 33 einslege mindreårige asylsøkarar.

Einslege asylsøkarar

UDI har bestemt at Tingvoll og Halsa skal ta i mot tilsammen 63 enslige asylsøkere i alderen 15 til 18 år. I Halsa er det Link som skal drive asylmottaket på Halsa herregård, og Rognskog mener selskapet må gi klar og tydeleg informasjon om hvordan de har tenkt å drive.

- Eg vil prøve å bidra til at Link kjem på banen og informerer godt for kommunen og nærmiljøet om kva etableringa fører med seg. Så får vi gå i ei fornuftig samhandling kring utfordringane som kjem, seier Rognskog.

LES MEIR: - Halsa og Tingvoll best på pris

Omstridd

Mottak av asylsøkarar har vore ei omstridd sak i Halsa. Men då har det vore snakk om eit langt høgare tal på asylsøkarar. No kjem det 33 einslege ungdommar i alderen frå 15 til 18 år.

Link vurderte også å opprette ei avdeling til asylmottaket i Ulstein på hotellet i Herøy, men dei la vekk planane.

LES MEIR: Asylmottak lagt på is

Fryktar ikkje konfliktar

Ordførar Ola Rognskog fryktar ikkje at det skal oppstå kofliktar i samband med asylmottaket for ungdom. - Eigentleg ikkje så gale. Innbyggarane i Halsa er fornuftige så dette skal gå bra, seier Rognskog.

Kort tid

Asylmottaket kan kome til å vere etablert om kort tid.

No kallar Link inn til informasjonsmøte.

- Me skal ha eit møte rett over 17. mai der me skal informere naboar til mottaket og andre interesserte, seier dagleg leiar Hallstein Saunes i Link.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL