Hopp til innhold

Omkom i arbeidsulykke i Halsa

Ein mann i 40-åra omkom under arbeid på ein skogsveg og ei røyrgate på Halsahalvøya på Nordmøre. Pårørande vert tatt hand om av kommunen sitt kriseteam.

Halsa

Det var klokka 09.10 tysdag at politiet fekk melding om arbeidsulykka. Eit firma med fleire personar arbeidde på ein skogsveg i Halsa, då ulykka skjedde.

– Det vart sett i gang livredding, men livet stod ikkje til å redde. Mannen døydde på staden, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Mannen er norsk og kommunen sitt kriseteam er varsla. Amdam seier at hovudfokuset no er å ta hand om dei pårørande på ein god måte.

Politiet prøver å finne ut kva som skjedde og tar avhøyr av vitne. Også Arbeidstilsynet har vore på staden og gjort undersøkingar.

Det er lensmannen som etterforskar saka vidare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL