Hopp til innhold

Sykla frå Oslo til Paris – samla inn over ein halv million

Det heile starta som ei utfordring. No har Oliver Bergset (23) samla inn over ein halv million. Mental Helse Ungdom meiner innsatsen hans reddar liv.

Oliver Bergset sykla Oslo- Paris for å samle inn pengar til Mental Helse Ungdom.

NÅDDE MÅL: Oliver Bergset nådde både målet om å sykle til Frankrike frå Oslo og å samle inn 500.000 kroner.

Foto: Privat

Over 1 600 kilometer, 14 dagar, seks land og fleire millionar visningar i sosiale medium seinare. Denne veka nådde Oliver Bergset målet om å sykle frå Oslo til Paris, og å samle inn halv million kroner.

– Det er heilt sinnssjukt. Eg sette delmål for å pushe meg sjølv, men hadde aldri forventa at det ville bli eit så stort engasjement, seier 23-åringen frå Eide i Hustadvika kommune.

Blant anna skulle han barbere av seg håret om han nådde 100.000 og ta ei tatovering ved 200.000.

– Den blir av Eiffeltårnet. Det blir eit minne for livet.

Oliver Bergset brukte 14 dagar på turen frå Oslo til Paris.

Noko mange kjenner seg igjen i

Bergset blei inspirert av Samuel (21) som skata frå Bergen til Oslo.

– Eg tulla litt med konseptet og sa at dersom eg fekk 15.000 likarklikk på ein TikTok-video, så skulle eg sykle til det europeiske landet som fekk flest likarklikk i kommentarfeltet.

Frankrike blei vinnaren og i slutten av mars starta turen. Pengane går til Mental Helse Ungdom. Bergset seier det blei naturleg for han å støtte dei.

– Eg har ei ung følgarskare, som i hovudsak består av gutar. Alle har sin mentale helse, og eg veit at dette er noko følgarane mine kan kjenne seg igjen i. Eg veit, både frå eigne erfaringar og vennane mine sine, at det psykiske helsetilbodet ikkje alltid er heilt topp i Noreg.

Les også Samuel (21) skater fra Bergen til Oslo

Samuel Vedå

– Reddar liv

Line Toft er leiar for innsamling og marknad i Mental Helse Ungdom. Ho er imponert over innsatsen til Bergset.

– Det er veldig mykje pengar, som vil hjelpe veldig veldig mange. Det vil vere med å redde liv, rett og slett.

Dei er avhengige av pengegåver for å kunne drifte tenestene sine. Likevel meiner Toft at openheita som 23-åringen har vist, er viktigare enn pengane han har samla inn.

Line Toft, kommunikasjonssjef i Mental Helse Ungdom

Line Toft i Mental Helse Ungdom er imponert innsatsen til Oliver Berset.

Foto: David Gustavsen

– Det at han løfter opp tematikken og samtidig er ein så genuin og fin mann, gjer at mange barn og unge kan sjå opp til han. Og særleg gutane, som alle som jobbar med psykisk helse, slit med å nå ut til.

– Forhåpentlegvis tør fleire å opne seg om ting dei slit med, legg ho til.

Viktig å vere open

23-åringen meiner det er viktig at profilerte personar kan bruke plattformene sine til å sette fokus på viktige tema.

Skjermbilde frå Oliver Bergset sin TikTok.

Videoane som Oliver har delt på TikTok har blitt sett over 20 millionar gonger.

Foto: Skjermbilde TikTok

– Eg trur mange fort kan tenke at eg berre er glad når dei ser meg hoppe smilande rundt på skjermen. Men så kan eg vise at det ikkje er tabubelagt å snakke om mental helse.

Bergset har delt aktivt frå reisa si på Instagram og TikTok. Videoane på har fått 20 millionar visningar.

– Eg har fått fleire meldingar i innboksa der folk har opna seg opp om kva dei slit med. Det er overraskande mange som har tatt kontakt og seier at dei sett pris på at eg sykla akkurat for denne saka.

Då han hadde samla inn 100.000 kroner barberte han av seg håret.

For Bergset blei turen ei oppleving for livet. Framleis kjem det pengar inn til Spleisen han oppretta.

– Eg har opplevd mykje og prøvd å nyte turen. Samtidig har det vore sinnssjukt tungt og eg har hatt låkt i knea heile vegen. Men det er heilt fantastisk kor mykje det har betydd for folk. Det gjorde det verdt det.

Oliver Bergset sykla Oslo- Paris for å samle inn pengar til Mental Helse Ungdom. Her i Danmark.

Oliver Bergset var innom seks land på turen til Paris. Her er han i Danmark. Han seier turen var krevjande, men ei oppleving for livet.

Foto: Privat

Les også Oda (20) er ensom: – Mange kan kjenne seg igjen

Oda Brevik føler seg alene på skolen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL