Hopp til innhold

Nye varmerekordar

I går blei det ein endå ein varm dag på Sunndalsøra i Sunndal.

– I går blei det målt 28,1 grader, noko som var ei tangering av mairekorden i Sunndalsøra, seier Julie Solsvik Vågane, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

I tillegg blei det sett ny rekord ved Svinøy fyr. Der blei det meldt 24 grader.

I dag vil det bli litt lågare temperaturar i Møre og Romsdal på grunn av skydekke, men det kan framleis ventast høge temperaturar over heile fylket.

– Møre og Romsdal og Trøndelag får dei høgaste temperaturane i dag med rundt 28 grader på det varmaste. Så det er nokre stadar at varmen held fram. Og det er framleis varmt til å vere mai, seier ho.

Det er også venta at temperaturane vil stige igjen i helga.

Varmerekordar Møre og Romsdal
Illustrasjon: Meteorologisk institutt