Hopp til innhold

Nye inhabilitetesreglar skal hindre dobbeltrollar

Frå første november blir habilitetsreglane i offentlege selskap skjerpa for folkevalde, rådmenn og andre kommunalt tilsette som sit i styre eller leiarposisjon i offentleg eigde selskap.

Morten Strand

TRU PÅ MEIR OPE SAMFUNN: Spesialrådgjevar Morten Strand i KS meiner dei nye reglane for inhabilitet gjer det enklare å unngå dobbeltroller. Her med nye utgåver av «Folkevalgt 2011-2015 i kommunen», ein ressurs for nye folkevalde.

Foto: KS

Spesialrådgjevar Morten Strand i KS trur samfunnet blir meir ope som følgje av innskjerpinga i reglane.

– Me set det veldig høgt at me skal ha eit ope lokalt samfunn, der ein får riktige vedtak utan at ein er part i saka, seier Stram.

Dei nye endringane i forvaltningslova trer i kraft frå første november. Og fører til at politikarar er inhabile om dei sit i kommunale og interkommunale selskap, trass i at dei er fullt ut offentleg eigde.

Morten Strand i KS håper politikarane blir meir medvitne om eventuelle dobbeltroller.

– Ein bør heller prøve å få andre inn i desse styra og sjølv vere representert som eigar.

Tore Hals

BER FOLK REGISTRERE SEG: Bysekretær Tore Hals ber folk som jobbar i kommunen registrere seg i Styrevervregisteret.

Foto: Trond Vestre / NRK

Bysekretær i Ålesund, Tore Hals, fortel at Ålesund kommune kjem til å setje inhabilitet på sakslista når det no kjem ei lovendring.

– I den folkevaldopplæringa me skal gjennomføra vert inhabilitet eit viktig punkt. Dessutan vil dei bli minna på bystyret sitt vedtak om at alle folkevalde og visse grupper i administrasjonen blir oppmoda om å registrera seg i Styrevervregisteret, seier Hals.

Politikarar kan også etter 01.11.2011 framleis sitje i styra til aksjeselskap og kommunale selskap, men Morten Strand i KS minner om følgjande.

– Viss ein blir part i saka, er ein inhabil i kommunestyret.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL