Ny utfordring for Rune Bergmann

Dirigent Rune Bergmann frå Sykkylven blir musikksjef for det kanadiske symfoniorkesteret Calgary Philharmonic Orchestra. Det skriv IMG Artist på sine nettsider. Bergmann skal leie orkesteret i sesongen 2016/17. Han har tidlegare vore dirigent for det anerkjente operaorkesteret i Augsburg og gjestedirigent for Oslo-Filharmonikarane under nyttårskonsertane.

Rune Bergmann
Foto: Remi Sagen / NRK