Hopp til innhold

Ny storstove oppkalla etter krigshelt

Bygdas krigshelt får kultur- og idrettshus oppkalla etter seg.

Martin Linge-huset

Dette er den nye storstova for idrett og kultur i Norddal.

Foto: Norddal kommune

Martin Linge-huset blir høgtideleg opna i Valldal laurdag.

– Det har blitt eit flott hus med rom for mange aktivitetar, seier ordføraren i Norddal, Arne Sandnes, til NRK.

Huset er oppkalla etter Martin Linge, som vaks opp på Linge i Valldal. Der budde han til han var åtte år.

Han var leiar for Kompani Linge. Han leia den norske avdelinga under Måløyraidet tredje juledag 1941. Som 47-åring vart han skoten og drepen på trappa til Ulvesund Hotell i Måløy.

Martin Linge, skuespiller og leder av Kompani Linge

Martin Linge var leiar for Kompani Linge, og får no eit hus oppkalla etter seg.

Foto: Scanpix

Laurdag er det offisiell opning. Det blir avduking av eit relieff, som etter kvart skal hengast opp på utsida av bygget.

Barnebarn blir med

Krigsveteran Joachim Rønneberg deltar. Det same gjer etterkomarar av Martin Linge. Ei av dei er Martine Linge, barnebarn av kaptein Linge.

Valldal Hornmusiklag skal spele Martin Linge-marsjen. Det blir parade med lag og organisasjonar frå Norddal kommune. Lokalhistorikar Terje Sølvberg skal halde eit foredrag om Martin Linge.