Hopp til innhold

Ny satsing på å skaffe læreplassar

Trass i tiltak tidlegare i år, er det framleis mangel på læreplasar for dei unge i yrkesfagutdanning. No prøver fylkeskommunen og seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling igjen å betre på dette.

Seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

No skal lokale nettverk bidra til fleire læreplassar, fortel seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

For problemstillinga er altså ikkje ny. Difor var det ein kampanje også tidlegare i år, og den resulterte i 73 nye lærebedrifter.

Seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling viser til at samfunnskontrakta mellom regjeringa og partane i arbeidslivet forpliktar, og at behovet for læreplassar framleis er stort.

– Mange som søkte fekk ikkje læretilbod, men dei fekk andre tilbod. Til dømes anna skuleval, omval eller nokre har byrja i arbeid, fortel Sjømæling.

No har ho tru på at dette skal bli betre til neste år. Arbeidet er i gang med å få på plass lokale nettverk som skal bidra til å skaffe læreplassar i alle regionar..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL