– Det er jo ganske mykje usikkerheit rundt det. Det er jo mangel på fast inntekt som eg har hatt det siste året, seier Eivind Hyttnes (19).
Han var læring hos ei IT-bedrift, men blei permittert då bedrifta fekk økonomiske vanskar. Plutseleg stod han utan både læreplass og inntekt.
– Eg prøver å ikkje vere stressa og bekymra, men det er jo sjølvsagt ein del av det å søke etter ny jobb, seier han.
Eivind Hyttnes vet ikke om eller eventuelt når han vil få en ny lærlingplass.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKMangler lærlingplassar
Dagleg leiar i Komputor, opplæringskontoret for IT – og mediefag, Fride Bae, prøver å hjelpe Hyttnes og fleire med å finne lærlingplass.
– Søkelista er lengre enn bedriftslista, for å seie det sånn, seier ho.
Ved mangel på lærebedrifter har ein brukt å benytte arbeidstreningstiltaket fra Nav som eit verktøy for å få fleire til å ville ta imot lærlingar.
På den måten har både bedrift og læring funne ut om dei er ein klaff, før dei inngår ein lærlingkontrakt på to år, forklarer Bae.
Då Hyttnes skulle begynne å søke om ny lærlingplass, råda ho han, som ho har gjort til mange andre tidlegare, til å seie seg villeg til å begynne med arbeidstrening i første omgang.
Men svaret som kom frå Nav overraska.
Hyttnes kunne ikkje få arbeidstrening fordi Nav ikkje hadde midlar til å starte opp nye tiltak.
Daglig leder i Komputor, Fride Bae, er fortvilet over situasjonen.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKForvirra
Nav slit med å halde seg innanfor den økonomiske ramma for arbeidsmarknadstiltak i år. Allereie i juni fekk fylkeskontora beskjed om å justere farta.
Men nyleg kalla arbeids- og inkluderingsminister, Tonje Brenna (Ap) Nav-sjef, Hans Christian Holte, inn til eit krisemøte. På ein pressekonferanse i etterkant beklaga Nav-sjefen usikkerheita som var skapt rundt beskjeden om stans i arbeidsmarknadstiltak. Han hevda då at det ikkje skulle vere stans i bruk av tiltak hos Nav.
Etter at Bae fekk beskjed om at den permitterte lærlingen ikkje kan få arbeidstrening er ho meir forvirra enn nokon gong:
– Eg håper det blir oppklart, sånn at vi kan få bruke dei gode verktøya, som eg er veldig van med å bruke. Eg har fått tak i mange læreplasser ved arbeidstrening som verktøy.
Vidare fortel ho at ho kunne ha forstått avslaget dersom det var godt begrunna, men det mener ho at det ikkje er.
– Eit avslag må jo gå på at du ser at brukaren ikkje har behov for eit slikt tiltak, men å få avslag fordi det er stans, den skjønar eg ikkje heilt, seier ho.
Styreleiar i Komputor, Nils Erik Pettersen.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKStyreleiar i Komputor, Nils Erik Pettersen, seier tidspunktet for stans i tiltak er katastrofalt.
– Når vi får stopp i arbeidstrening midt i den viktigaste rekrutteringsperioden for lærlingar, er det eit ganske sterkt slag i trynet for oss som skal prøve å hjelpe bedrifter og lærlingar til å finne ein match, seier han.
– Vi må ha ei streng vurdering
NRK har bede om intervju med Nav-sjef Hans Christian Holte, men pressevakta i Nav viser til direktør, Stein Veland, i Møre og Romsdal for svar.
På spørsmål om kvifor folk fortsatt får beskjed om at det er stans svarer han følgande:
– Det er ikkje ein automatikk i at alle som søker vil få det dei søker på. Vi må ha ei streng vurdering, og ei ekstra streng vurdering i desse dagar. Vi har hatt litt for mange inne i tiltak første halvdel av året, sånn at vi må ned på det som er vårt budsjett andre halvdel av året.
Vidare seier Veland at brukarane har rett til å klage på avslaget.
– Men kvifor sa Holte at det ikkje er stans når folk framleis får beskjed om at det er det?
– Det er ikkje ein stans i form av stopp, men vi har kanskje måtte redusere farta litt. Vi har fortsatt mange som er i tiltak og vi har fortsatt mange som vil komme i tiltak, spesielt utover hausten.