Hopp til innhold

Ny radar gir betre vermelding

Ein ny verradar på Stad vil frå neste haust gje betre vermelding for områda langs kysten.

Radar Norden

Gråsona rundt Stad og Sunnmøre blir dekt når radaren på Stad står klar hausten 2009.

Foto: met.no

Vêrradar på Vestkapp

Slik skal verradaren på Vestkapp-platået sjå ut.

Foto: Illustrasjon: Meteorologisk institutt

Etter mykje diskusjon er radaren klar til byggestart når vinteren slepp taket, fortel seksjonsleiar for radar og satellitt på Meteorologisk institutt, Jørgen Togstad.

Her kan du sjå dagens radardekning: Verradarar i Norden

- Det har vore mange partar vi har måtte bli samde med. Grunneigarar, kommune, og andre, så det har vore ein prosess for å kome dit vi er i dag. Men vi gler oss over at vi er i mål no, og kan byrje å tenke på å få opp stasjonen, seier Togstad.

Bygging i 2009

Radaren skal byggjast på Kjerringa på Stad. Fram til den endelege godkjenninga har det vore mykje diskusjon rundt plasseringa av tårnet, og kor vidt radardiskusjonen har øydelagt for utviklinga av Vestkapp-platået som turistattraksjon.

No er det klar for bygging, og når vinteren er over set Meteorologisk institutt i gang bygging.

Jørgen Togstad

Radaren blir viktig, seier seksjonsleiar for radar og satelitt på Meteorologisk Institutt, Jørgen Togstad.

Foto: met.no

- Då er det sjølve tårnet som vi må få til fyrst, og det arbeidet går vel fram til midt på sommaren, så kjem den tekniske delen av radaren, sjølve installasjonen, litt ut på hausten, fortel han.

Når den er i drift vil radaren dekkje eit område langs kysten som ikkje tidlegare har hatt dekning. Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og havområda utanfor blir dekt, i følge nettsida til Meteorologisk Institutt.

- Dette er eit viktig område for oss å få dekkje. Vi har ein radar i Rissa kommune i nord, og Bømlo kommune i sør, så denne radaren vil gje oss samanhengande dekning langs heile kysten av sør-Noreg, seier Togstad.

Viktig verkty

I radiusen på 240 kilometer ut frå radaren vil også Sunnmøre, som ikkje tidlegare har hatt dekning, vere inkludert. For vermeldinga langs kysten vil dette bety mykje, seier Togstad.

- Spesielt korttidsvarslinga, der får ein no eit instrument som gir eit godt bilete, gjerne saman med satelittdata over store område, så det er spesielt viktig.

- Radaren gir oss eit bra verkty for å overvåke veret. Den tek både flytting og intensitet på nedbør, og vi kan også hente ut vindinformasjon frå radaren. Ein enkel radar dekkjer eit område med ein radius på 240 kilometer, så det er store dekningsområde, fortel seksjonsleiaren for radar og satelitt på Meteorologisk Institutt, Jørgen Togstad.