Hopp til innhold

Ny oppfinning fjernar dritlukta

Du har kanskje irritert deg over dritlukta når bøndene spreier naturgjødsel på markane. No kan lukta snart vere ein saga blott. Ny teknologi fjernar dritlukta.

Video MILJO-140910-MR-190717-SI_MR.mp4

Gjødselspreiing går ofte føre seg nær inn til anna busetnad. No skal luktplaga fjernast.

Eit nytt gjødselsstystem har som mål å redusere klimagassutsleppa frå landbruket. I staden for å spreie møkka utover markane, skal gjødsla pumpast ned i bakken. Dermed blir utsleppa av ammoniakk halvert.

Luktfri gjødselspreiing

Slik blir husdyrgjødsel pumpa ned i bakken.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi får nokre groper der gjødsla blir injisert 5 - 10 cm ned i bakken med 15 centimeters mellomrom, fortel Olav Martin Synnes i Norsk Landbruksrådgiving, Sunnmøre.

Store mengder klimagassar

Landbruket står for 95 prosent av utsleppa av ammoniakk til atmosfæren. Det meste kjem frå husdyrgjødsel. Og no skal bøndene lære om miljøvenleg gjødsling.

Odd Christian Stenerud

Bonde Odd Christian Stenerud likar ikkje å plage andre med møkkalukt. No kan han også spare 50% på kunstgjødselmengda.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Min ambisjon er at eg skal redusere forbruket av kunstgjødsel med minst femti prosent, seier gardbrukar Odd Christian Stenerud.

Nøgd oppfinnar

Gjødsel-pumpesystemet som i dag vart demonstrert er funne opp på Vigra. For oppfinnaren er det gledeleg at systemet no er tatt i bruk.

Jan Hatlø

Oppfinnar Jan Hatlø er glad for at oppfinninga hans vert teken i bruk.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er nesten ikkje til å tru. Men bøndene har lukta på forskjellige teknikkar, og bonde Stenerud her har vore gira nok til å ta dette i bruk. Og det er eg veldig glad for, seier oppfinnar Jan Hatlø.

Lukta blir fjerna

Bonden på Godøya slår grset på 15 gardar. Ved å pumpe gjødsla ned i bakken vert også lukta kraftig redusert, til glede både for bonden og andre.

– Ikkje minst når det er fint ver, og vi ser at andre sit og solar seg. Då er det ikkje akkurat oppløftande å køyre rundt og spreie lukt, seier Odd Christian Stenerud.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL